Vil ha både lærarar og førskulelærarar til staten
Staten må verte forhandlingsmotparten til både lærarar og førskulelærarar. Det vedtok årsmøtet i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane torsdag.
Artikler fra alle årsmøtene finner du her.
– Barnehagen er no ein del av utdanningssystemet. Difor er det naturleg at førskulelærarane òg vert med om lærarane vert førte attende til staten, understreka nestleiar Jarle Hessevik. Han gav dermed full støtte til mellom andre Kristin Orre frå Utdanningsforbundet Flora, som var den første på møtet som tok til orde for at vedtaket òg skulle omfatte førskulelærarane.
KS har hatt forhandlingsansvaret for lærarane sidan 2003, medan førskulelærarane alltid har hatt kommunesektoren som forhandlingsmotpart.
I fråsegna peiker årsmøtet på at ein må sikre eit nasjonalt utdanningssystem som ikkje er avhengig av kommunane sin kompetanse og forhandlingsvilje.
– Kommunane har fått ein sjanse til å vise seg ansvaret verdig. Eg er langt på veg samd med dei som seier at dei ikkje har vist at dei er det, sa nestleiar Jarle Hessevik under handsaminga av framlegget.
Kravet om å overføre forhandlingsansvaret for lærarane var opprinneleg fremja av Utdanningsforbundet Førde. I fråsegna som Klary Fedje Bøyum presenterte, vert det mellom anna peika på at lærarane har hatt ei dårlegare lønsutvikling enn resten av arbeidstakarane i kommunal sektor etter at KS overtok forhandlingsansvaret. KS vert dessutan kritisert for å legge mykje vekt på lokal lønsdanning.
Eit samla årsmøte røsta for fråsegna. Jarle Hessevik åtvara likevel mot å glorifisere staten som forhandlingsmotpart og peika mellom anna på mindrelønsutviklinga for lærarar på 1990-talet.
Saker fra fylkesårsmøtene
Østfold, 6. – 8. mai i Sarpsborg
Skyvulstad gjenvalgt i Østfold
Klare krav til ny arbeidstidsavtale
Likestillingsloven må også gjelde i Utdanningsforbundet
Flere lederkandidater fra Østfold
Vil ha lærerne tilbake til staten
Sør-Trøndelag, 5. – 6. mai i Trondheim
Sør-Trøndelag ønsker Bjerkestrand
– Lærere leser minst faglitteratur
Nord-Trøndelag, 5. – 7. mai i Stjørdal
Nominerte fire leiarkandidatar
Nordland, 6. – 8. mai i Bodø
Simonsen valgt til leder i Nordland
Sogn og Fjordane, 6. – 8. mai i Loen
Vil ha både lærarar og førskulelærarar til staten
Leiarduo attvald i Sogn og Fjordane
Open ønskeliste frå Sogn og Fjordane
Oppland, 7. – 8. mai på Hafjell
Ny tillit til lederduoen i Oppland
Fortsatt strukturforsøk i Oppland
Vestfold, 6. – 7. mai i Sandefjord
Oslo, 6. – 8. mai i Tønsberg
Hordaland, 6. – 8. mai i Ulvik