– Ein må setje seg ned og opna opp armane. Så et ein alle jordbæra, eit etter eit, fortel Nina Marie Faye Matre.

Nina gløymer aldri augneblinken då matboksen og jordbæret fann tonen

– Matboks! Du er ein matboks!

Publisert

Opplevinga Nina Marie Faye Matre vil dele med Utdannings lesarar, skjedde for fleire år sidan. Ho var ute på leikeplassen med to- og eit halvtåringar og planta frø og blomster til sommaren. 

– Greier dei verkeleg det, så små dei er? 

– Absolutt! Dei grev, plantar frø og blomster og vatnar, alt like varsamt. 

Midt i plantinga høyrde ho nokon bak seg som ropte: «Du er ein matboks!».

Med latter frå magen

Ho snudde seg, og der sto ei av småjentene, med kjakane glinsande av solkrem og jammen litt krem i håret òg.

– Ho sto og smilte. Ho hadde sett seg ut meg for å tulle litt, seier Nina: – Er eg ein matboks? svarte eg og lo. 

– Ja, svara jenta. 

Har du opplevd
et gyllent øyeblikk?

Vi vil gjerne høre fra deg, kontakt: redaksjonen@utdanningsnytt.no

© Utdanningsnytt

Nina freista å leike med og sa: 

– Du er ei drikkeflaske! 

– Nei, sa jenta. – Du er mi drikkeflaske! 

– Eg trur du er eit jordbær, sa Nina då. 

– Ja, det er eg, sa jenta. 

– Då plukkar eg deg og et deg! 

Nina tok jenta opp i fanget og kitla ho og lét som ho åt henne: – Vi lo begge to – lo på ordentleg. Du veit, sånn frå magen! 

Å vere kjenslevar 

– At noko så lite kan gjere så stor skilnad! seier Nina frydefullt. 

– Eg har jobba 16-17 år i barnehage. Slike augneblinkar skjer jo heile tida, men det er unikt for dei det gjeld. 

Å vere i og ta vare på slike gode augneblinkar handlar om sensitivitet og tid, seier Nina Matre. 

– Det handlar òg om å vere ei god vaksen, vere oppmerksam i og rundt relasjonane. Vite kva barna kan romme. Når barna søkjer kontakt, handlar det òg om å vere bitte litt i forkant, rundt dei og med dei. Nokre hoppar rett i humoren, andre kan bli utrygge. Det er stor skilnad mellom dei. 

– Kva skjedde då du hadde spist jordbæret? 

– Då kom det fleire barn – kanskje ti - og ville bli tulla med. 

– Kva gjorde du da? 

– Ein må setje seg ned og opna opp armane. Så et ein alle jordbæra, eit etter eit. Nokre barn toler det. Andre vil ikkje bli spist, då kitlar ein dei berre litt … Barna må få styre showet! 

Gylne øyeblikk

I spalten Gylne øyeblikk fra Utdanning nr 6/24 er Nina Marie Faye Matre (40) intervjuet. Hun er pedagogisk leiar og assisterande styrar Nepjarhaugen barnehage i Florø, Vestland .

Powered by Labrador CMS