Å samle dei mannlege barnehagelærar- studentane i nokre få kjønnsblanda klasser og å samle dei i same barnehage i praksisperiodane, gjer at fleire fullfører utdanninga.Illustrasjonsfoto: Adobe Stock
Med enkle tiltak er det mogleg å redusere fråfallet av menn frå barnehagelærarstudiet
Fagartikkel: Men dersom ein skal lukkast i arbeidet, må det planleggjast grundig.
VigdisFosshøgskulelektor ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Bergen
Svein OleSataøendosent emeritus ved Høgskulen på Vestlandet, studiestad Bergen
PublisertSist oppdatert
Annonse
Det har lenge vore arbeidd for betre kjønnsbalanse i barnehagelærarutdanninga. Nasjonale likestillings- planar har hatt mål om å rekruttere fleire menn til utdanninga og sørgje for at fleire gjennomfører studiet (Barne- og familiedepartementet 1995, 1998, 2004; Kunnskapsdepartementet 2006, 2008). Fråfall frå studiet er ei tilbakevendande utfordring: «I tillegg til rekruttering av nye studenter vil det være viktig å arbeide for bedre gjennomføring, slik at flest mulig faktisk kommer ut i læreryrket.» (Kunnskapsdepartementet, 2018).
Annonse
Ifølgje Hovdhaugen (2012) finn vi årsaker til at studentar droppar ut av studiet på individuelt nivå, institusjonelt nivå og systemnivå.
På individuelt nivå handlar det om studentane, til dømes sosial bakgrunn, motivasjon og evner. På institusjonelt nivå er fråfall knytt til utdanningsinstitusjonen, som korleis nye studentar vert tekne vare på, og kva innhaldet i studiet er. Systemnivået ser på årsaker til fråfall som ligg i utdanningssystemet. Fleire forskarar har vist at det som skjer etter at studentane har starta på ei utdanning, er viktigast for å forklare fråfall (Hovdhaugen, 2019).
Studiar viser også at høgt tal på kvinnelege studentar i ei utdanning gir større sjanse for at mannlege studentar ikkje fullfører utdanninga (Mastekaasa & Smeby 2008).
Abrahamsen & Nedregård (2018) har vist at fråfallet blant mannlege studentar er dobbelt så høgt som for kvinnene ved profesjonsutdanningane ved OsloMet. Nielsen (2016) hevdar at mangelen på mannlege rollemodellar og ei tradisjonell feminisert utdanning gjer det krevjande for menn å ta del i utdanninga.
Rønning (1999) fann at mangelen på sosial integrasjon og laus tilknyting til utdanninga auka risikoen for fråfall. Koch og Farquhar (2015) hevdar at det finst «glasdører» i institusjonane som hindrar menn i å ta fullt og heilt del i eit studium.
Tidlegare studiar har konkludert med at fråfall frå barnehagelærarstudiet er noko utdanningsinstitusjonane i liten grad kan gjere noko med (Askland & Nordfjell, 2009; Slaatten et al., 2010). Med bakgrunn i eigne erfaringar ville vi utfordre desse påstandane. Utviklingsarbeidet vårt inneheld tiltak som skulle redusere kjensla av å vere ein minoritet i utdanninga og styrkje motivasjonen for å fullføre studiet.
Dei mannlege studentane si fellesskapskjensle skulle støttast ved
1) å samle dei i nokre få kjønnsblanda klasser
2) å samle dei (2–4 studentar i kvar barnehage) i praksisperiodane
3) å arrangere to praksis-seminar for mannlege studentar
Tilgang til mannlege rollemodellar skulle sikrast ved
4) å gi dei mannlege praksislærarar
5) å gi dei mannleg praksisrettleiar frå høgskulen
Studentane fekk også gjennom studieåret høve til å reflektere over ulike sider ved kjønn gjennom
6) å arbeide i kjønnsblanda grupper der temaet var kjønn og utdanning
7) å ha ein elektronisk læringsressurs som tok opp sider ved menn i barnehage
For å sjå om tiltaka hadde effekt intervjua vi studentane før og etter prosjektet. I tillegg vart praksis- og faglærarane på høgskulen kontakta (via e-post) for å gi sine vurderingar av arbeidet.
På bakgrunn av fokusgruppeintervju med dei 32 mannlege studentane stilte vi dei opp i tre grupper:
Dette er det eg vil-studentar. Valet av utdanning var eit bevisst val. Fleire hadde positive erfaringar frå å ha arbeidd i barnehage tidlegare. Mange av dei vart oppmuntra til utdanningsvalet av vener, kjærastar eller familie.
Slik vart det-studentar. Desse studentane hadde ikkje tidlegare erfaring frå barnehagearbeid. Like fullt var utdanningsvalet deira, det å arbeide med barn, eit bevisst val. Det var meir tilfeldig at dei hadde teke til på akkurat dette studiet i Bergen.
Eg ville gjere noko anna-studentar. Ei mindre gruppe hadde valt barnehagelærarutdanninga for å gjere ei bevisst endring i livet. Dei ville ha ein framtidig jobb med andre verdiar, mindre fokus på resultat, mindre reising og meir tid til familie.
Kategoriane finn vi att i andre studiar av menn i utradisjonelle yrke (Røthing, 2006; Heikkilä & Hellman, 2016; Wohlgemuth, 2015).
Dei fleste av studentane opplevde støtte for utdanningsvalet sitt frå vener og familie. Nokre av dei mannlege venene var overraska, andre skeptiske. Nokre av fedrane hadde også vore skeptiske, og nokre spøkte med dette å bli «bleiskiftarbeidar». Dei fleste av studentane var nøgde med utdanningsvalet då vi intervjua dei. Eit par opplevde utdanninga som vanskelegare og meir fagleg krevjande enn dei hadde forventa.
Tabell 1 Fråfall frå barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Bergen (no Høgskulen på Vestlandet, studiestad Bergen). Kvinnelege og mannlege studentar.
Tidsrom
Kategori
Fråfall i prosent
2007–2010
Kvinner
22,1
Menn
36,4
2008–2011 Kvinner
Kvinner
21,3
Menn
44,2
2010–2013 Kvinner
Kvinner
24,2
Menn
44,7
2011–2014
Kvinner
28
Menn
55,5
2012–2015 Kvinner
Kvinner
19,2
Menn
20,7
2013–2016 Kvinner
Kvinner
34,3
Menn
58,6
Dei høge fråfallstala for studentkullet 2013–2016 skuldast truleg innføringa av ny barnehagelærarutdanning.
Korleis verka tiltak?
Prosjektet hadde som hovudmål å redusere fråfallet frå utdanninga. Tabell 1 viser fråfallet frå barnehagelærarstudiet ved Høgskulen i Bergen i perioden 2007–2016. Det mest påfallande i tabellen er tala for studentkullet 2012–2015, studentane vi arbeidde med i prosjektet. Her var fråfallsprosenten for mannlege studentar 20,7, om lag som for kvinnelege studentar: 19,2. Vi skal vere varsame med å leggje for stor vekt på tala for ein einskild kohort. Samstundes kan ikkje tala skjulast.
Vi fekk positiv tilbakemelding på å samle mennene i få klassar, både frå studentar og nokre av lærarane. Det vart rapportert å vere ein god atmosfære i dei to klassene. Fleire lærarar erfarte at dei mannlege studentane agerte annleis enn når dei berre var to eller tre i ei klasse. Då samla dei seg gjerne i lag bakarst i klasserommet. No sat dei spreidde rundt om og deltok meir aktivt i studieaktivitetane.
Vi arrangerte også to fagseminar for dei mannlege studentane i samband med praksisperioden deira. Vi meiner at slike fellesskap bidreg til at studentane kjenner tilknyting til utdanninga og til framtidig profesjonell praksis. (Jf. Rønning, 1999; Hovdhaugen, 2019). Studentane laga også sitt eige studiemiljø med ulike aktivitetar og sosiale samankomstar.
I kjølvatnet av prosjektet stifta dei også ein eigen organisasjon: Mannlige barnehagelærerstudenters foreining (MBSF). Organisasjonen skulle fronte dei faglege og sosiale interessene for mannlege studentar. Vi ser på skipinga av gruppa som eit direkte produkt av prosjektet vårt.
Tidlegare erfaringar viser at den første praksisperioden er sårbar med omsyn til fråfall frå barnehagelærarutdanninga. Særleg for dei studentane som ikkje har vore i barnehagen før. Difor valde vi å organisere praksisopplæring slik vi har gjort greie for tidlegare i artikkelen. Både studentar og praksislærarar gav i store trekk positive tilbakemeldingar på denne praksisorganiseringa.
I motsetnad til tidlegare undersøkingar meiner vi at det er fullt mogleg å redusere fråfall frå barnehagelærarstudiet ved hjelp av relativt enkle tiltak. Men dersom ein skal lukkast i arbeidet, må det planleggjast grundig.
Nielsen (2018) slår fast at i arbeidet med å inkludere menn i barnehagelærarutdanninga må vi ta utgangspunkt i at utdanninga historisk og kulturelt har vore ei utdanning av og for kvinner. Det er difor viktig å ha dialog med dei mannlege studentane og støtte dei i det å finne sin personlege basis for framtidig profesjonelt liv.
Slike prosjekt krev at nokon er ansvarleg for å setje til- taka ut i livet og følgje dei opp. Om ikkje fell ein lett attende til tidlegare praksis og tidlegare ordningar. Skulle vi ha gjenteke prosjektet vårt, ville vi ha lagt meir vekt på å skape møteplassar for både mannlege og kvinnelege studentar. Møteplassar som er laga slik at ein kan diskutere spørsmål som omhandlar kjønn, og som har som ambisjon å utvikle barnehagen som ein produktiv arbeidsplass både for kvinner og menn, jenter og gutar.
Vi treng ein diskusjon
Det høyrer med til prosjekthistoria at vi har møtt kritiske røyster til arbeidet. Kritikken har gått på at ein ikkje skal leggje til rette studievilkår for eit særleg kjønn (les: mannlege studentar), men at alle skal handsamast likt. Vi har sett det før: Særskild tilrettelegging for mannlege studentar er provoserande.
Ved studiestart 2021 vart det på sosiale medium spurt korleis mannlege studentar vart tekne imot på ulike studiestader. Dei som kommenterte spørsmålet, meinte, med nokre unntak, at det ikkje var rett å ha særskilde tiltak for mannlege studentar. Fleire meinte også at menn sluttar av andre grunnar enn at det er få av dei i utdanninga.
Det er interessant å konstatere at dette er klart i motstrid til barnehagen og skulen sitt arbeid med å handtere mangfald og sørgje for best mogleg tilpassa opplæring. Kanskje treng vi ein grunnleggjande diskusjon om haldningane våre til kjønn slik dei utspelar seg i barnehagelærarutdanninga?
Askland, L. & Nordfjell O.B. (2009). Teachers’ ways of regarding presence and absence of male Early Childhood Teacher Education students. Dokument fra den 19. EECERA-konferansen, Strasbourg, 26.–29. august.
Heikkilä, M. & Hellman, A. (2017). Male preschool teacher students negotiating masculinities: a qualitative study with men who are studying to become preschool teachers, Early Child Development and Care, 187(7), 1208-1220, DOI: 10.1080/03004430.2016.1161614
Hovdhaugen, E. (2012). Leaving early: Individual, institutional and system perspectives on why Norwegian students leave their higher education institution before degree completion. PHD diss., Universitetet i Oslo.
Hovdhaugen, E. (2019). Årsaker til frafall i høyere utdanning. En forskningsoppsummering av studier basert på norske data. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning. Arbeidsnotat 2019:3. Oslo.
Koch, B. & Farquhar, S. (2015). Breaking through the glass doors: men working in early childhood education and care with particular reference to research and experience in Austria and New Zealand, European Early Childhood Education Research Journal, 23(3), 380-391, DOI: 10.1080/1350293X.2015.1043812
Mastekaasa A. og Smeby, J-C. (2008). Educational Choice and Percistence in male - and female dominated fields. Higher Education 55(2), 189-201.
Nedregaård, O. & Abrahamsen, B. (2018). Frafall fra profesjonsutdanningene ved OsloMet. OsloMet Rapport 2018, nr. 3.
Nielsen, S. B. (2016). Mænd i pædagogisk arbejde I S. Baagøe Nielsen, & G. R. Hansen (red.) Køn, seksualitet og magfoldighed. Frederiksberg: Samfundslitteratur.
Nielsen, S. B., Thingstrup, S.H., Brodersen M., & Hersom H. (2018) (red.). Drenges og mænds inklusion på kønnede uddannelser. Erfaringer fra deltagerorienteret uddannelsesudvikling og – forskning i praksis. København: Frydenlund Academic.
Barne- og familiedepartementet. (1995). Menn i barnehagen. Om å rekruttere og halde på menn som arbeider i barnehage. Forslag til handlingsplan. Notat. Oslo: Barne- og familiedepartementet.
Barne- og familiedepartementet. (1998). Flere menn i norske barnehager. Q-cirkular - 0976. Oslo: Barne- og familiedepartementet.
Barne- og familiedepartementet. (2004). Den gode barnehagen er en likestilt barnehage. Handlingsplan for likestilling i barnehagene 2005–2007. Oslo: Barne- og familiedepartementet.
Kunnskapsdepartementet. (2006). Temahefte om menn i barnehagen, om å rekruttere og beholde menn i barnehagen. Akademia as.
Kunnskapsdepartementet. (2018). Lærerutdanning 2025. Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene. Oslo.
Rønning, W. M. (1999). Frafall eller mobilitet – to sider av samme sak? En analyse av årsaker til at studenter slutter ved universitetet. Rapport fra Fagligsosialt prøveprosjekt, NTNU. Trondheim: NTNU.
Røthing, R. (2006). Mann i kvinneland. En kvalitativ studie av kjønnsforming blant menn i kvinnedominerte yrker. Masteroppgave, Universitetet i Oslo.
Slåtten, M. Vaagan, Rossholt, N., & Kasin, O. (2010). Rekruttering av menn til førskolelærerutdanning og arbeid i barnehage. HIO-rapport 2010 nr. 6.
Wohlgemuth, U. G. (2015). Why do men choose to become pedagogues? A profession continuously in pursuit of male colleagues, European Early Childhood Education Research Journal, 23(3), 392-404, DOI: 10.1080/1350293X.2015.1043813