I dag mange barn begeistra for elektroniske «duppedittar» og vil heller sitte inne, enn å gå ut og leike. Då er det viktig at vi som framtidige barnehagelærar viser engasjement og er ivrige på å vere ute i barnehagekvardagen, mener barnehagelærerstudent Natalie Knutson Halland
Illustrasjonsfoto: Adobe stock
Er vi barnehageansatte positive til å vere ute i naturen, vil det smitte over på barna som ikkje likar å vere ute.
Er vi som arbeidar i barnehagen, positive til å vere ute i naturen, vil positiviteten smitte over på barna, og særleg på dei som ikkje likar å vere ute.
Eg er sikker på at alle som arbeidar i barnehagen, har kjent på kor godt det er å kome ut etter å ha vore inne, der det er mykje aktivitet og høgt støynivå. Eg hugsar også tilbake til då eg var lita, kor spennande og kjekt det var for meg som barn å kome ut i skogen. Sjølv om det ikkje var langt frå uteområdet til barnehagen, var det ein heilt ny arena som bydde på nye, spennande utfordringar.
POSITIVITET SMITTAR
Det å vere ute i ulike naturmiljø til forskjellige årstider kan bidra til kjennskap til naturen og forståing av kor viktig det er å ta vare på han. Rammeplan for barnehagen fortel at barna skal få naturopplevingar og bli kjende med naturen sitt mangfald, og barnehagen skal bidra til at barna opplever tilhøyrsle til naturen (Kunnskapsdepartementet, 2017). I dagens samfunn er mange barn begeistra for elektroniske «duppedittar» og vil heller sitte inne, enn å gå ut døra og leike. Då er det viktig at vi som framtidige barnehagelærar viser engasjement og er ivrige på å vere ute i barnehagekvar- dagen. Dersom vi vaksne er positive, vil denne positiviteten om det å skulle vere ute smitte over på barna. Då vil kanskje barn som ikkje er så glade i å vere ute, få ei anna innstilling og ei anna haldning til å gå ut og leike. Det står også i rammeplanen at barnehagen skal bidra til at barna blir glade i og får erfaringar med naturen (Kunnskapsdepartementet, 2017)
Spenning og utforsking
Barn som er uroleg inne, finn ofte roa når dei kjem ut i naturen. Desse barna vil ofte finne seg betre til rette og leike på ein annan måte når dei er ute. Det er eit mykje større rom som dei kan utfolde seg på, og det er ingen vegger som held dei inne. Naturen er også ein god arena for utvikling av både grov- og finmotorikk. Dette er også med på å styrke barnas koordinasjonseigenskapar, og å bidra til at barna får utvikle ein sterk og uthaldande kropp. Naturen kan brukast til mykje, han er både med på å stimulere barns sanselege motoriske utvikling og på å skape spenning, utforsking og kroppslege utfordringar for barna. Han kan også vere med på å bidra til at barna får positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring og betre kroppskontroll.
Mykje å finne på
Barn utforskar naturen på ein annan måte enn det vi vaksne gjer, og dei blir difor også kjende med han på ein heilt annan måte. Barn er nysgjerrige og har ein indre drivkraft når det gjeld å utforske. Det som er kjekt med naturen, er at han rommer så uendeleg mykje barna kan finne og studere, og at dei kan utfolde seg på ein heilt annan måte enn det dei kan inne. Ein vaksen som viser alt det spennande ein kan bruke skogen og naturen til, vil bidra positivt til at gleda vil smitte over på barna.
Litteratur
Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver. Oslo: Pedlex