Ser liten effekt av samanslåing av universitet og høgskolar

Forsking og undervisning ved dei åtte universiteta og høgskolane som vart slått saman i 2015, er ikkje blitt betre etter samanslåinga.

Publisert

Forsking og undervising ved dei åtte universiteta og høgskolane som vart slått saman i 2015, er ikkje blitt betre etter samanslåinga.

Dette kjem fram i to rapportar frå Nokut, som har utført ei spørjeundersøking blant tilsette ved fusjonerte institusjonar og institusjonar som ikkje er fusjonert. Dei viser at dei vitskapleg tilsette ikkje opplever endring i akademisk praksis knytt til måla for reformen. Det er dessutan ein tendens til at dei vitskapleg tilsette ved fusjonerte institusjonar er mindre nøgde med organisasjonsmessige tilhøve enn dei tilsette ved institusjonar som har fusjonert.

Dette tyder ikkje at det ikkje er skilnadar mellom institusjonane på desse områda. Men skilnadane kan ikkje forklarast med fusjonane, ifølge rapportane.

Les også: Fem høgskoler nekter sammenslåing

Dei åtte universiteta og høgskolane som vart fusjonert med andre institusjonar var NTNU, Nord universitet, Universitetet i Bergen, Universitetet i Tromsø, Høgskolen i Innlandet, Universitetet i Sørøst-Norge, Høgskulen på Vestlandet og Vid vitenskaplige høgskole.

Powered by Labrador CMS