Tonje Brenna seier at frikommuneforsøket gjer det mogleg å tenkje nytt og prøve å løyse lovpålagde oppgåver på nye måtar.
Foto: Jørgen Jelstad.
Regjeringa inviterer kommunar til å delta i frikommuneforsøk
Tonje Brenna: – Forsøk som dette gjer det mogleg å tenkje nytt og prøve ut nye måtar å løyse lovpålagte oppgåver på.
– Offentleg sektor
må utviklast og fornyast for å sikre gode velferdstilbod til alle også
framover, og det er behov for at kommunane kan prøve ut ulike løysingar. Det
legg vi no til rette for gjennom frikommuneforsøk, uttaler kommunal- og
distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i ei pressemelding.
Regjeringa
inviterer kommunar og fylkeskommunar til å søke om å bli forsøkskommunar. Dette
er ei oppfølging av eit oppmodingsforslag frå Stortinget om å legge til rette
for ei frikommuneordning.
Kommunane kan søke
på forsøk innafor alle sektorar eller på tvers av sektorar.
Forsøkskommunar
Regjeringen inviterer kommunar og fylkeskommunar til å søke om å bli forsøkskommunar. Forsøkskommunane vil få moglegheit til å prøve ut nye måtar å løyse oppgåver på gjennom fritak frå regelverk.
Frikommuneforsøket er ein del av tillitsreforma, og skal skje innanfor heimlane i forsøkslova og forsøksheimlane i sektorlovane.
Kjelde: Regjeringen.no
Brenna trur på spanande løysingar innan utdanningsfeltet
Fleire departement
har vore involvert i prosessen, mellom anna Kunnskapsdepartementet. Kunnskapsminister Tonje Brenna er positiv til ordninga, og har tru på
nye, spanande løysingar innanfor sitt felt.
– Regjeringa vil
ha ein god offentleg fellesskole som er så variert og mangfaldig at alle elevar
finn seg til rette der. Forsøk som dette gjer det mogleg å tenkje nytt og prøve
ut nye måtar å løyse lovpålagte oppgåver på. I invitasjonen blir kommunane og
fylkeskommunane oppfordra til å legge til rette for god involvering av dei
tilsette og fagforeiningane. Det støtter eg og eg håper dette kan bli eit godt
felles prosjekt for partane lokalt, seier kunnskapsminister Tonje Brenna.
Kommunane og fylkeskommunane må sende ein førebels
søknad innan 8. september 2023.
Regjeringa
samarbeider med KS om forsøksordninga og om oppfølging av kommunar og
fylkeskommunar i forsøksordninga.
Les også: Marit Knutsdatter Strand: Lærerne og KS må snakke godt sammen