Arna Meisfjord på Campus Nesna.

Det er historisk sus over lærarutdanningspiloten 1.-10. 

Debatt: Det er fleire moment i piloten som er viktig for å gjere lærarutdanninga meir rusta til å løyse aktuelle samfunnsutfordringar.

Publisert

Det er historisk sus over vedtaket frå Kunnskapsdepartementet om å støtte ei forsøksordning med lærarutdanning som skal gje kompetanse til å undervise på alle trinn i grunnskolen og med høve til å skaffe seg undervisningskompetanse i opptil fem fag i grunnskolen, lærarutdanningspilot 1. – 10.

Søknaden kjem frå Nord universitet og rektor Hanne Solheim Hansen seier til Khrono at dei har lytta til innspel frå kommunane. Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (SP) roste initiativet for å justere utdanningsfeltet i tråd med utfordringar i praksisfeltet i Helgelands Blad. Det er ei arbeidsgruppe ved campus Nesna som har jobba fram søknaden.

Dei tilsette ved campus Nesna inngår i ein sterk fagleg tradisjon som handlar om å ta samfunnsansvar. 

Då Ivar Hjellvik kom til Nesna som prest i 1918, tok han inn over seg den fattigdom og manglande opplysning som gjorde livet hardt for fiskarar og bønder. Kunnskap er makt, var ei erkjenning som framsynte kvinner og menn la til grunn for sitt arbeid for å bygge nasjonen Noreg. Ivar Hjellvik bestemte seg for å starte ein lærarutdanningsinstitusjon på Nesna, den første i Nordland og den andre i Nord-Noreg. 

Hausten 1918 møtte femti elevar (det heite ikkje studentar den gongen) opp til sitt samfunnsoppdrag som lærarar. Halvparten av desse var kvinner. Kvinnene skulle bli lærar på småskoletrinnet (1.-3. klasse), og hadde fokus på den grunnleggande lese- og skriveopplæringa. 

Eg var så heldig at eg fekk intervjue ei av desse lærarane, Astrid Finnsås. Eg gløymer aldri den glød ho la for dagen då ho fortalte om den nyvinninga det var å lære ungane å lese med lydmetoden. Denne metoden erstatta bokstavmetoden og gjorde at ungane kunne knekke lesekoden mykje lettare.

Ivar Hjellvik starta lærarutdanninga på Nesna som ein privat institusjon, men etter kvart tok Staten over og i 1921 stod det ein stasleg bygninsmasse på plass som var mellom det mest moderne i Noreg på denne tida. I det som i dag blir kalla Gamlebygget, heng det eit galleri med bilete over dei som har vore studentar her. 

Som lærarutdannar på Høgskolen i Nesna, tok eg studentane med meg og viste dei bilete av dei som starta si lærarutdanning i 1918. Det vart utgangspunkt for ei innføring og ei drøfting av korleis utdanningssystemet har utvikla seg i Noreg og kor viktig lærarane har vore og er i samfunnsbygginga.

Det er fleire moment i lærarutdanningspiloten 1. -10., som er viktig for å gjere lærarutdanninga meir rusta til å løyse aktuelle samfunnsutfordringar.

Denne modellen gjer det mogleg å kvalifisere lærarane for alle trinn i grunnskolen og i opptil fem fag. Det betyr at alle studentane får med seg kunnskap om den grunnleggande lese- og skriveopplæringa. Lærarane må kjenne til denne metodikken, slik at dei kan forstå og hjelpe elevar med lese- og skrivevanskar gjennom heile skoleløpet. 

Modellen gjer det mogleg for lærarane å jobbe på alle trinn og i fleire fag, slik at dei kan få god kunnskap om elevane. Elevkunnskap og relasjonsbygging er grunnleggande for å legge til rette for elevane si faglege utvikling, det som heiter tilpassa opplæring. Dersom ikkje lærarane har denne forståinga inne, vil elevane streve til fånyttes.

Lærarutdanningspiloten 1. – 10., vil forankre studentane i praksisfeltet gjennom at masteroppgåva skal ta utgangspunkt i utfordringar som studentane får kjennskap til og erfaring med gjennom praksis. 

Ein slik måte å knytte saman teori og praksis, har eit stort potensiale for kunnskapsutvikling og for å gjere utdanninga meiningsfylt og overførbar til den praktiske skolekvardagen. Samanheng mellom teori og praksis kan førebygge det såkalte praksissjokket, slik at studentane kan kjenne seg rusta til møtet med elevane i skolestua.

 Ordførar i Herøy og medlem i referansegruppa for dei som har utarbeidd den nye modellen for lærarutdanning, Elbjørg Larsen, uttalar til Helgelands Blad at ho har store forventningar til denne lærarutdanninga. Det er og grunn til å tru at ein slik lærarutdanningsmodell kan rekruttere fleire menn til lærararbeid i heile grunnskolen.

Utvikling av lærarutdanningspiloten har kome til på ein eksemplarisk måte. Statsråd Sigmund Hoel har lytta til praksisfeltet. Nord universitet har hatt ei særs engasjert faggruppe ved campus Nesna, som har samarbeidd nært med kommunar og skolemiljø i distrikta og utvikla den lærarutdanningsmodellen som nyleg vart godkjent av Kunnskapsdepartementet. Her er det mange som har vist stort samfunnsansvar og gjort ein innsats langt ut over det som var pålagt!

Statsråd Sigmund Hoel vil gje lærarutdanningane større rom til å følge opp lokale utfordringar og han viser til ekspertgruppa leia av Sølvi Mausethagen, som legg fram forslag om felles rammeplan for alle lærarutdanningane. Dette kan vere klokt for å legge til rette for samsunnsansvar og lokalt engasjement, slik arbeidsgruppa ved campus Nesna har gått i spissen for.

Powered by Labrador CMS