Streik i Chemnitz, 21 november.

Tyske lærarar krev 10,5 prosent lønnsauke

Lærarorganisasjonar i Tyskland viser til stor lærarmangel og aksjonerer for høge lønnstillegg.

Publisert

 Tysdag 28.november er den store dagen for lærarane sin aksjon for kravet. Det er «utdanningadagen» i dei «åtvaringssteikane», «Warnstreiks», som nå går over Tyskland. Da skal lærarane ut på gatene og demonstrere. Men lærarane har alt aksjoner fleire stader i Tyskland,  ifølgje  blant andre fagorganisasjonen Gewerkschaft Erziehung und Wissenschaft, Fagrørsle for oppseding og vitskap. 

Argumenta lærane nyttar for dette kravet er lærarmangelen. Dei kan til dømes vise til utreikningane til den renommerte utdanningsforskaren Klaus Klemm. Ifølge han vil Tyskland mangle 40 000 lærarar i 2025, og 85 000 lærarar i 2035. Mangelen er størst i faga matematikk, kjemi, fysikk, musikk og forming, og for klassetrinna femte til niande. Bemanningssituasjonen i barnehagane er også svært vanskeleg.

2,5 millionar arbeidstakarar

Lønnsforhandlingane som pågår nå, og som lærarane er ein del av, gjeld til saman 25 millionar arbeidstakarar i offentleg teneste i heile Tyskland. Lønnskravet er det same for alle gruppene, og dei vil ha heile prosentauken i dette oppgjeret.

Medan forhandlingane pågår har dei ulike arbeidstakarorganisasjonane aksjonar. Det inkluderer åtvaringsstreikar. For medlem i fagforeiningar er det lovleg, men frivillig å delta i slike streikar. Foreninga kan ikkje krevje deltaking. Det har alt vore slike lærarstreikar ulike stader, men 28. november er den store streikedagen.

Barnehagetilsette og lokomotivførarar er døme på yrkesgrupper som alt har gjennomført åtvaringsstreikar.

 

Powered by Labrador CMS