Som vaksne hugsar vi kanskje fridomen og gleda vi kjende i møte med
ein gult lite sniglehus, der naturen eller parken baud oss på ein bit av verda.
Men i dag pregar vegger, dører og ferdigtenkte pedagogiske opplegg i barnehagen
det som skal førebu barna på livet ute i samfunnet.
Historisk og kulturelt, ber vi alle på haldningar og handlemåtar
det er vanskeleg å kome ut av i møte med barn. Med eit bestemt syn på kunnskap,
fell vi ofte i freisting for å sjå barn berre som noko vi skal forme. Men barna
er og unike individ med tankar og rettar, som byr oss innspel frå ei verd vi
ikkje kjenner. Omsorg, skjerming frå val dei ikkje er klare for, må sjølvsagt liggje
til grunn.
Stoppa ved bringebærbuskene
Saman med personale og barn i naturen har eg utvikla
pedagogiske opplegg og teke initiativ til å starte opp to naturavdelingar. Opplegga
er omtalt i fagboka «Barnehage på naturleg vis, med rammeplanen og hjarte som
kompass» (2010).
Naturen vart eit levande rom der barna, naturen og
personale kom med innspel ein utvikla i fellesskap. Unike barneidentitetar, eigenskapar
og innspel «bretta seg ut» i dette samspelet. Fokus, stad og kva dei ulike
naturelementa skulle vere, vart avgjort av barna. Dei var og med å utvikle
praksisen i naturen og nytta eigen råderett. Vi såg at deira sjølvstende og engasjement
var sentralt inn mot plantar, dyr og skaping av leik. Derfor stoppa naturavdelinga
ved bringebærbuskene på barna sine signal denne føremiddagen.
Oppdaga sniglehus
Barna hadde oppdaga små sniglehus under bringebærblada, dei ville
ha med vidare. Samtalen barna imellom fortalde meg at dette hadde dei kjent til
lenge. Ved at personalet unnlèt å leggje faste føringar for turen, kunne dette
skje. Barna vart «sjefsutforskarar», fanga i undring og samspel med personale.
Tidlegare
nytta vi faste planar i naturen, men eg erfarte då at barna fekk mindre
medverknad . Overvekta av struktur og ferdigproduserte «oppskrifter» avgrensa
barna si moglegheit til å påverke kvardagen. Gradvis modna tanken om at dei
måtte få delta i større grad. Dei var
fritt tenkande og unike og burde få påverke fellesskapet i møte med omsorgsfulle
og kompetente personale med tid og rom.
I eit forskingsprosjekt saman med
førsteamanuensis Monika A. Reime undersøkte vi derfor seks naturbarnehagar og barna si deltaking
der. 20 barn og 30 ansatte deltok . Vi
fann at personale avstod generelt frå å skape aktivitet i barnegruppa, men deltok
i barns eigne initiativ i naturen. Barna blei sett som ein del av teamet (Alme
& Reime, 2021).
Å få ta del med eigen kunnskap
I artikkelen Lekende endringsagenter i bærekraftige barnehager
skildrar Grindheim, Bakken, Gislefoss, Hauge og Heggen (2020) fire pilarar som
må vere til stades for å sjå noko som berekraftig, den økologiske, sosialt
kulturelle, økonomiske og den for berekraftig styresett. Bringebærbuska
og sniglane kan knytast til økologi og samanhengar i naturen. Sosialt og
kulturelt kan knytast til det å kjenne til og høyre til i naturen, vere stolt
over eigen identitet.
Det økonomisk element ser vi ved at barna erfarer sniglar
og bringebærbuskar som verdiar som ikkje blir målt i pengar. Berekraftig
styresett ser vi ved at barna viser veg til sniglane under blada. Berekraft
handlar om inkluderande institusjonar på alle nivå, omtalt i FNs berekraftsmål
16. Og «alle nivå», vil og innebere naturgruppa i barnehagen. Barna kunne her formidle
kunnskap, dei kjente til, som var ny for personalet.
Barn tenker annleis
Marianne P. Heggen, professor i berekraft ved Høgskulen på
Vestlandet, har saman med tre andre forskarar undersøkt barn sin leik i natur.
Her kjem det fram at barna tenker annleis og møter verda på ein anna måte med
sine initiativ.
Er vi nok merksame på kva vegar barna kan tilby av kunnskap i
sitt sanselege og spontane engasjement? Er ei løysing å lette litt på trongen
til å kontrollere det som skal undersøkast? spør forfattarane. Det må gis rom
for at barna får vere annleis i verda, slik at vi ikkje går glipp av denne
alternative måten å sjå på verda, seier dei. Det
sanselege og spontane engasjementet ved bringebærbuska hadde blitt ein løyndom,
om ikkje personalet hadde gitt slepp på trongen til å kontrollere innfallet.
Henry D. Thoreau, var ein amerikansk filosof på 1800-talet som i
boka Walden uttalar at temming av utdanninga gjer at frie og naturlege
læringsformer er forlate. Men vi er og natur, ånd og villskap med håp, innfall
og idear vi bør utvikle, uttalte Thoreau.
Barna må slik få utvikle det unike
utover etablert kunnskap, dei er meir enn objekt som skal fyllast med alt som
har vore. Gi dei startposisjonen der dei kan skape i samspel med omgivnadane,
som å undersøke bringebærblad, dyrke eigne innfall og idear.
Dette er viktige situasjonar
i eit berekraftsperspektiv, fordi dei har barnets engasjement og vegen til eit
inkluderande læringsmiljø i seg (FN-s Berekraftsmål 4). Eit barn som «berre»
undersøker ei bringebærbusk og finn ut at det lever små gule sniglehus under
blada, er viktig sjølv om det er utanfor
smale mål i planen du kan krysse av. Ved håp og innfall skaper og opplever barna
kunnskap saman som blir noko mykje større enn ferdigproduserte didaktiske opplegg
som utelét hovudpersonane.
Livsglede og kunnskap
Kunnskap skal og formidlast, men for mange ferdige løysingar kan
verte eit stort tap for «barna sine erfaringar, interesser, synspunkt og
initiativ», som vi skal ta utgangspunkt ifølgje barnehagen sin rammeplan. Blir alt
innhald pålagt og kontrollert av andre,
vert det lite engasjerande.
Tida er
overmoden for å anerkjenne livsgleda som del av inngangsport til kunnskap. Inngangsportar
personalet må dyrke saman med barna, for å vareta motivasjonen og få betre
innsikt i deira alternative kunnskapsoppleving. Krafta i kunnskap vil bli
svekka og mangelfull i fråvær av barnet sitt blikk og syn på utforsking.
Barna er
unike med sine særtrekk og interesser, har evna til å kombinere oppleving, fantasi
og kreativitet med ufarga tankar frå ei «ferdigtenkt verd»..
Som pedagog har eg som andre barnehagetilsette erfart at leik,
glede, utforsking, indre motivasjon og barn sine bidrag kjem som konsekvens av at
barna får vere med å avgjere kva vi skal gjere.
Mange norske barnehagar har
kultur for å sleppe barna til på si leike-, undrings- og kunnskapsferder, der
dei blir små borgarar i eit berekraftig samfunn, som tilfører fellesskapet,
kulturen og kunnskapen noko nytt. Bringebærblada og singlane er døme på
«barneviten» vi er ukjend med. Her deltek barna, skaper ein prosess som gjer
dei sjølv i stand til å meistre
framtida, ikkje berre kvalifisert for morgondagen.
Å få erfare uventa resultat
Historia om sniglane slutta forresten ikkje ved at barna plukka dei
med seg. På naturleikeplassen arrangerte dei snigelløp og ville ha sniglane til
å bevege seg rett fram mot eit mål. Men her vart vi alle overraska, for sniglane
tok seg heller oppover ein avbarka furustokk. Resultatet av planlagt handling
vart til noko større.
Legg til den alternative barnekunnskapen som kan løfte oss sjølve
og verda vidare. Gi barna trygge og omsorgsfulle rammer der dei sjølve kan
erfare livet og lære av det. Alle kan sjå oversida av bringebærblada, men det
krev eit barn for å oppfatte det som er på baksida.
Litteratur
Alme, H., & Reime, M.A. (2021). Nature kindergartens: a space for children’s
participation. Journal of Outdoor and Environmental Education, 24(2),
113–131.
Grindheim, L. T. (2020). Beyond
uniform reproduction: Exploring children’s imaginative play through the lenses
of their teacher. Contemporary Issues in Early Childhood, 21(1),
58–69.
Grindheim, L.T, Bakken, Y, Gislefoss, T, Hauge, K.H, Heggen, M.P
(2020). Lekende endringsagenter i bærekraftige barnehager. I L.T Grindheim og
G. Aaserud (Red.) (2020) Barnehagelæraren ein verdibyggar. (s. 89-104).
Fagbokforlaget
Heggen, M. P., Jickling, B., Morse, M., & Blenkinsop, S.
(2022). Where the
Children Are. In Pedagogy in the Anthropocene: Re-Wilding Education for
a New Earth (pp. 87-104). Cham:
Springer International Publishing.
Thoerau, H. D (2018) Walden. Livet i skogen.
Oslo: Pax forlag A/S.