Legitimering av mobbeprogram i barnehage og skule
Debatt: Satsinga på mobbeprogram blir legitimert i diskursar som forskyv meiningsgivinga av det som det handlar om, mot noko anna.
Media har gjentekne gongar sett søkjelyset på at det ikkje er nokon nedgang i talet på barn og unge som opplever å bli mobba i barnehagen og i skulen, sjølv om det kvart år blir løyvde store summar til mobbeprogram som skal gjera noko med dette problemet. I ein reportasjeserie i Aftenposten i 2016 kom det fram at det i perioden 2005 til 2015 dreidde seg om løyvingar på minst 209 millionar kroner i skulesektoren. Tre tidlegare og ein dåverande minister vart utfordra til å seie noko om denne pengebruken.
Øystein Djupedal, tidlegare kunnskapsminister som i 2013–2015 leidde eit regjeringsoppnemnt utval som mellom anna undersøkte effekten av mobbetiltak i skulen (NOU 2015: 2), oppsummerte pengebruken på følgjande måte: «Vi trodde vi gjorde veldig mange ting som var riktig. I etterkant ser vi at det ikke hadde noen effekt» (Svarstad & Mellingsæter, 2016, s.10).
Likevel har styresmaktene halde fram med å løyve pengar til slike tiltak. Ifølgje Dagbladet dreier det seg om minst 440 millionar kroner i dei siste tjue åra (Førsund et al., 2023). Trass i dette, visar Elevundersøkinga at mobbeproblemet i skulen er aukande. I NRKs Dagsnytt 18 torsdag 19. oktober tok professor i pedagogikk Solveig Østrem ved OsloMet til orde for at satsinga på å gi pengar til program i barnehage og skule, skyv merksemda bort frå dei moglegheitene som ligg i profesjonsutøvarane sin eigen kompetanse og daglege relasjonar til barn og unge. Østrem peika på at politikarar og bevilgande styresmakter har late seg forlede av kostbare og tidkrevjande program som undergrev tilliten til kompetansen til profesjonsutøvarane. Og ikkje minst, til erfaringane deira frå det daglege og kontinuerlege arbeidet med barn og unge.
Østrem løftar fram eit viktig poeng som
handlar om at profesjonsutøvarar igjennom utdanninga si og arbeidet med barn og
unge, har teke til seg og kroppsleggjort etiske verdiar om ansvar og autonomi,
og om å vera saman på måtar der alle barn og unge kan få tre fram med eigenarta
si innanfor eit fellesskap. Relasjonar er sjeldan likeverdige, og dei varierer
og endrar seg. Like fullt er ansvar og autonomi noko som må vektleggjast i
barnehagen og i skulen, til forskjell frå det som blir uttrykt i relasjonar
prega av mobbing (Nordtug & Steinnes, 2020).
Østrems poeng vart imøtegått av professor i psykologi Charlotte Reedtz ved UiT Norges arktiske universitet som samanlikna programma med kreftmedisin. På denne måten stadfesta ho det som Østrem peika på: at satsinga på program blir legitimert i diskursar som forskyv meiningsgivinga av det som det handlar om, mot noko anna. Det er analogiens retoriske måte å kommunisera på. Problemet med samanlikninga med kreftmedisin, er at forskyvinga leier meiningsgivinga av mobbing på ville vegar. Medan kreftmedisinen er uavhengig av pasientens relasjonar til andre, er relasjonen til andre det grunnleggjande i opplevinga av å bli mobba. Det er i kraft av at barn, unge og vaksne er tenkjande og følande i relasjonane sine at opplevinga av mobbing blir konstituert.
Reedtz si forskyving ber preg av det som sosiologen Dag Østerberg (1938-2017) kallar utvendighetstenkning. I det klassiske essayet «Forståelsesformer» frå 1966 skriv han at «En sak berøres ikke av det som er den utvendig, dvs. den forblir den samme hvordan det enn forholder seg med det som er den utvendig» (s. 9). Østerberg forbind denne forståingsforma med behovet me menneske har for å vera sikker i ei sak. Det er kanskje dette behovet Reedtz kjenner på når ho samanliknar programma med kreftmedisin? Og kanskje er ho òg inspirert av merksemda på omgrepet «treffsikker behandling» i det psykiske helsefeltet?
Professor emeritus i barn og unges psykiske helse, Willy-Tore Mørch (2023) ved UiT Norges arktiske universitet, synast å vere inspirert av dette omgrepet i kritikken av Østrem i ein kronikk i Nordnorsk debatt i etterkant av innslaget i Dagsnytt 18. Men, det er stor usemje om relevansen av omgrepet «treffsikker behandling» . Effekten av behandling i det psykiske helsefeltet har som kjent samanheng med langt fleire faktorar enn behandlingsmetoden (Grenness, 2004, s. 106). Dette tek ikkje Reedtz og Mørch opp. Programma som dei løftar fram som «treffsikre», blir difor gitt ein posisjon i tilnærminga til mobbing, som ikkje er mogleg – i og med at opplevingane til den enkelte av å bli mobba, er relasjonelle og kontekstuelle med band til tidlegare erfaringar og framtidige forhåpningar.
Det skjer så mangt i dei mange relasjonane som finn stad i barnehage- og skulesamanheng. Barnehageforskarar og skuleforskarar prøver å gripa fatt i det, når dei i timevis observerer kva som skjer i ulike barnehagar og skular, og igjennom kvalitative intervju med barn, unge, barnehagelærarar og lærarar. Like fullt, er det ikkje mogleg å gripa det som skjer ein gong for alle fordi mellommenneskeleg samhandling skjer i augneblikket her og no.
Det er singulært, skriv filosofen Emmanuel Levinas (1906-1995) i analysane sine av ansvaret for den andre i sitt andre hovudverk «Otherwise Than Being or Beyond Essence» frå 1974. Dette ansvaret inneber følgjeleg ein risiko fordi me ikkje kan føresjå korleis det vil fortona seg. Det er dette ansvaret og denne risikoen barnehagelærarar og lærarar må ta, kvar dag, med utgangspunkt i etiske verdiar og profesjonelt skjønn.
Det som var meint som omsorg, kan nokre gonger bli ei bjørneteneste. Igjennom vedvarande – og aukande – løyvingar til programmer i barnehage og skule, blir bjørnetenesta gjenteken år etter år. Men, det er mogleg å læra noko. Òg av Øystein Djupedals erkjenningar: «Vi trodde vi gjorde veldig mange ting som var riktig. I etterkant ser vi at det ikke hadde noen effekt».
Referanseliste
- Førsund, S; Gaarder, J.; Gedde-Dahl, S. & Strømman, O. (2023. 21.10). Slaktet mobbeprogram: Ga halv milliard. Dagbladet. https://www.dagbladet.no/nyheter/slaktet-mobbeprogramga-halv-milliard-1/80366213
- Grenness, C.E. (2004). hva er PSYKOLOGI. Universitetsforlaget.
- Levinas, E. (1974/1997). Otherwise Than Being or Beyond Essence. Kluwer Academic.
- Mørch, W.M. (2023. 28.10). Programmer i skolen virker, hvis man bruker dem. Nordnorsk debatt. https://www.nordnorskdebatt.no/programmer-i-skolen-virker-hvis-man-bruker-dem/o/5-124-272006?fbclid=IwAR1HhUS8CxiVopSopfrAghGysRZkh83amkaUnpRARv6p8wruvXldiPstFyk
- Nordtug, B. & Steinnes (2020). «DU SKAL IKKE MOBBE». En psykoanalytisk revolusjon i tilnærmingen til mobbing? Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk. Volum 6, s. 32–47. https://doi.org/10.23865/ntpk.v6.1580
- NOU
(2015: 2). Å høre til - virkemidler for et trygt psykososialt
skolemiljø. Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon.
Informasjonsforvaltning.
- NRK (2023. 19.10). Dagsnytt 18. https://tv.nrk.no/serie/dagsnytt-atten-tv/202310/NNFA56101923/avspiller
- Svarstad, J. & Mellingsæter, H. (2016. 18.02, s. 10). Vi gjorde
ikke nok for å stoppe mobbingen. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/i/0kgj/tidligere-kunnskapsminister-vi-gjorde-ikke-nok-for-aa-stoppe-mobbingen
- Østerberg, D. (1966). Forståelsesformer. Pax.