Idrettsfaglærar Jan Ravnestad gløymer aldri guten som skøyt seg til toppkarakter

At eksamen i fotball kan vere ei nerveslitande oppleving, er ikkje vanskeleg å forstå for dei fleste av oss.

Publisert Sist oppdatert

Med lang fartstid som idrettsfaglærar har Jan Ravnestad mange gonger følgt elevar til eksamen som har vore nervøse før dei skulle vise kva dei kunne. Ein av desse var ein gut for nokre år sidan som var sterkt prega av oppgåva som låg framfor han: munnleg og praktisk eksamen i fotball toppidrett.

Sjølv om Ravnestad ikkje var kontaktlærar for eleven, hadde han lagt vekt på å bruke ein del tid på å snakke med guten.

– Dette var ein kar som hadde strevd litt, både med seg sjølv og med det å finne sin plass i systemet. Men vi fekk eit godt tillitsforhold, og saman klarte vi å byggje opp trua på at han var i stand til å prestere i ein pressa situasjon.

Vi fekk eit godt tillitsforhold.

Jan Ravnestad (55), lærar i idrettsfag ved Flora vidaregåande skule

Det var likevel ein ganske så skjelvande gut som stilte klar på eksamensdagen.

– Eksamen er organisert på den måten at yngre elevar er med som øvingsobjekt, det vil seie at dei er medspelarar og motspelarar, slik at det blir ein realistisk situasjon. Så vurderer sensor kandidaten sine prestasjonar, samhandling og kommunikasjon med andre.

Det var spenning i lufta i fotballhallen på Florø idrettssenter denne junidagen. Men så skjedde noko som den erfarne idrettslæraren sjeldan har opplevd:

– Eleven lukkast med absolutt alt. Alle pasningar, taklingar og skot sat akkurat som dei skulle. Ingen hadde sett dette for seg, og aller minst han sjølv. Det var inga tvil om at han skulle få toppkarakter, fortel Ravnestad.

Dette er oppleving han synest er god å tenke på fleire år etter.

– Det er flott å sjå at elevane får til noko dei har trent på i lang tid. Og det kjennest òg fint å oppleve at undervisningsopplegget har vore godt, og at eg har vore med på å leggje til rette for at kandidaten har lukkast.

I løpet av dei 30 åra Jan Ravnestad har undervist i idrett, har han opplevd ei markant forandring i lærarrolla.

– Før underviste vi med avstand. No er vi i mykje nærare kontakt med kvar enkelt elev. Det er krevjande, men inspirerande. Men det er naudsynt for å få til eit godt samarbeidsklima og gode resultat, seier han.

Ei tid etter at eleven var ferdig på skulen, tok han kontakt med Jan Ravnestad. Orda hans gjorde inntrykk:

– Eg hadde aldri kome gjennom vidaregåande utan di hjelp.

Har du opplevd
et gyllent øyeblikk?

Vi vil gjerne høre fra deg, kontakt: redaksjonen@utdanningsnytt.no

Powered by Labrador CMS