Svensk skoletopp krev kvalifiserte lærarar i alle lærarstillingar

Leiaren for det svenske Skolverket vil skjerpe inn lova slik at berre kvalifiserte lærarar kan ha lærarstillingar.

Publisert

– Så lenge det er lovleg å arbeide som lærar utan lærarkvalifikasjon vil vi ha problemet med ukvalifiserte lærarar, seier Fredriksson til bladet «Vi lärarar». Skolverket svarar til det norske Utdanningsdirektoratet.

Lova han siktar til, er lova som gjer læraryrket til eitt av dei 24 yrka som har krav om godkjent yrkesutøving, eller yrkeslegitimasjon, som det heiter i lovteksten. Andre yrke med krav om yrkeslegitimasjon er sjukepleiar, jordmor, og lege.

Lærar er likevel det einaste yrket på denne lista som folk kan utføre utan slik godkjenning. Ukvalifiserte kan undervise, men berre utdanna lærarar kan setje karakter. Lova krev difor at ein viss del av lærarane ved skolen må vere kvalifiserte, slik at elevane kan få karakterar.

Men lovteksten seier ingenting om kor stor denne delen må vere. Så lenge kvalifiserte lærarar tar ansvaret for karakterane, kan rektor tilsetje uavgrensa med ukvalifiserte lærarar i tidsavgrensa stillingar.

God grunn til å vurdere

Skoleminister Lotta Edholm seier til bladet at det absolutt er god grunn til å vurdere å skjerpe krava. Men ho understrekar også at saka er kompleks.

Problemet med ukvalifiserte lærarar er størst i spesialundervisninga. I dei offentlege skolane blir 12,3 prosent av undervisninga gitt av ukvalifisert lærar. I privatskolane var andelen kvalifiserte lærarar i spesialundervisninga 4,2 prosent.

– Mangelen på kvalifiserte lærarar rammer hardast dei barna som treng det mest, seier Peter Fredrikson.

Powered by Labrador CMS