Lærarane i vaksenopplæringa fell utanfor

Debatt: Vi vert ikkje tilgodesett med sentralt kontaktlærartillegg, og vi har låtteleg låge kveldstilegg.

Publisert

No er årets forhandlingar om arbeidstid i grunnopplæringa i gang. Krava ser rimelege ut, men ordlyden i krava gjer igjen at det er ei lærargruppe som fell utanfor. Gjennomgåande i kravet er det brukt subjektet «elevar», og det er jo det omgrepet vi aller helst vil ha når vi snakkar om dei som får kommunal eller fylkeskommunal opplæring. 

Diverre fekk vi ikkje ei ny opplæringslov med eins subjekt, men vi må gå vidare med ei todeling av dei vi er lærarar for, nemleg «elevar» og «deltakarar». Deltakarane er vaksne som tek mot opplæring på grunnskule- eller vidaregåande nivå. Ved å innlemme dei i elevomgrepet hadde vi utan tvil fått styrka rettane til denne gruppa, men slik vart det ikkje.

Det er dermed avgjerande at Utdanningsforbundet viser veg, og alltid refererer til «elevar og deltakarar» i kommunal og fylkeskommunal opplæring, i alt som er av krav og papirarbeid der desse vert omtala. Dette er ikkje gjort i årets krav til arbeidsgjevar, noko som signaliserer manglande medvit om dei som underviser i vaksenopplæringa. Igjen.

Vaksenopplæringa blir diskriminert

Vi har ein vedvarande situasjon med diskriminering, der vaksenopplæringa stadig ikkje vert tilgodesett med sentralt kontaktlærartillegg, og vi har låtteleg låge kveldstillegg. Sjukepleiarane, som ofte har halvparten av vår utdanningslengde, har eit mykje høgare tillegg. No handlar ikkje årets forhandlingar om pengar direkte, men det handlar indirekte om kven som skal få pengar ut frå kva verdi arbeidstida vår blir gitt.

Desse to store problema i vaksenopplæringa er noko Utdanningsforbundet sentralt bør jobbe for å få gjort noko med. Eg tvilar på om vaksenopplæringa nokon gong har vore eige tema i løns- eller arbeidstidsforhandlingane, og om so var, er vi sikkert eit av dei første områda som vert saldert vekk, for å halde fokus på dei store gruppene. I og med at opplæringslova diskriminerer vaksenopplæringa sine deltakarar, hadde eg forventa at fagforeininga vår ville kompensere gjennom eitt og anna framstøyt på våre vegne, men herregud so tamt det er.

Her er eit døme på korleis språkbruken kan sjå ut, med utgangspunkt i setningar frå årets krav:

God opplæring for elevene og deltagerne er avhengig av at lærere har tid til å tilpasse undervisningen til elev- og deltagergruppene og følge opp den enkelte elev og deltager. Dersom elev- og deltagergruppene blir for store og lærer får for mange elever/deltagere å følge opp, vil det nødvendigvis innebære at opplæringen ikke kan like god, og at oppfølgingen ikke blir like tett.

Språkleg elegant er det ikkje, og det får vi skulde på ei revidert opplæringslov som ikkje legg opp til reelt likeverd mellom lærarar/deltakarar i vaksenopplæring og lærarar/elevar i anna opplæring. Det vil likevel minne alle på eksistensen vår, og kanskje ein dag føre til same verdsetjing i tid, kroner og øre som «alle andre».

Heilt konkret bør punkt 7.2.f i gjeldande avtale endrast til:

Deltakere i voksenopplæringen skal ha samme rett til kontaktlærer som elever i det skoleslaget opplæringen hører til, og læreren skal gis redusert undervisningstid etter reglene for dette skoleslag.

Problemstillinga er ikkje ny

Inntil dette skjer, gjeld framleis eit tolv år gammalt innlegg om vaksenopplæringa si skjebne:

«Det kan ikke være slik at gode, kvalifiserte lærere skal tape økonomisk på å ha sitt arbeid i voksenopplæringen. Derfor er det på tide at vi får de samme vilkår som våre kollegaer i grunnskolen og i videregående opplæring. Det er også på tide at vi får de samme tillegg for ubekvem arbeidstid (kveldsundervisning) som andre i offentlig sektor har. Nå er det på tide at Utdanningsforbundet kommer på banen og jobber for at vi får de samme rettigheter og vilkår som ellers i norsk skole.

Hvis det er slik at Utdanningsforbundet sentralt ikke ønsker eller evner å ta denne fighten, bør vi som medlemmer klart og tydelig få vite det. På denne måten kan vi ta stilling til hvorvidt det er et poeng eller ei for oss å være organiserte i Utdanningsforbundet.»

 

Powered by Labrador CMS