Leik og læring treng ikkje vere motsetnader
Innspill: Barn lærer når dei leikar, men leiken treng ikkje vere styrt av barnehagelæraren med eit klart mål om å lære.
Barn leikar for leiken sin eigen del og fordi det er kjekt. Der det er barn, finn du òg leik. Artikkelen drøftar barn sin rett og trong til å utfalde seg i fri leik, og den læringa som skjer når barna leikar.
Læring i barnehagen kan ikkje ha konkrete og målbare læringsmål som i skulen.
Leik og læring
Leik og læring vert ofte sett opp mot kvarandre. Leik vert heldt opp som idealet, medan læring vert underordna og sett på som mindre pedagogisk rett (Draugsvoll, 2022, s. 121; Sundsdal & Øksnes, 2015; Thoresen, 2009; Øksnes & Sundsdal, 2014). Spørsmålet er om leik og læring treng å vere motsetnader, eller om dei kan vere to sider av same sak, avhengig av korleis vi forstår læringsomgrepet, og korleis dette kjem til uttrykk i barnehagen.
Leik skal ha ein sentral plass i barnehagen. Det er barn si naturlege livsform. Der du finn barn, finn du òg leik, utan at nokon har lagt til rette for det, noko dømet under syner:
Barna er på veg ut. Ei gruppe spring rett ned i skråninga med ulendt terreng. Dei grev med hendene og samlar mark, lagar suppe med regnvatn i ei grop dei har grave, serverer til dei andre og dei som kjem forbi. (Draugsvoll, 2022, s. 118)
Spontan leik kan vi sjå allereie frå fødselen. Når spedbarnet studerer fingrane sine, legg klossar i ein kasse og tek dei opp att, spring frå ende til annan i rommet og hyler av glede, når dei plaskar med vatn eller studerer ei leike, leikar dei (Olofsson, 1993, s. 13). Men er det berre leik, eller lærer dei òg?
Læring gjennom leik
I leiken kan barn leike ut erfaringar og lære om seg sjølv og andre (Olofsson, 1993, s. 112; Øhman, 2012, s. 217). For barna går leik og læring hand i hand utan at dei sjølv tenkjer over det (Lunde & Brodal, 2022, s. 207; Pramling Samuelsson & Johansson, 2006; Pramling Samuelsson & Carlsson, 2008).
Gjennom leiken lærer barna å meistre og vidareutvikle evner dei vil trenge som vaksne (Lunde & Brodal, 2022, s. 107). Å erkjenne at læring skjer når barn leikar, er ikkje å meine at all aktivitet i barnehagen skal vere styrt av barnehagelæraren. Derimot handlar det om å skape rom for at den gode leiken får utvikle seg.
Læring må vere indre motivert, og ingen aktivitet er meir indre motivert for barna enn leiken. Beste måten å fremje læring på er å redusere stress i læresituasjonen. Det er å gje barna tilgang på aktivitetar som gjev glede, stoltheit og byggjer sjølvtillit, gjennom sosiale relasjonar. Jo mindre tid barna bruker på aktivitetar som er styrte av barnehagelæraren, jo meir motiverte vert dei for læring. Alt dette får barna gjennom leiken (Barker et. al., 2014; Lunde & Brodal, 2022, s. 66). Barnehagelæraren skal ikkje utvikle mål for leiken og styre han, men gje barna rom til å leike.
Å leggje til rette for læring er ikkje å forankre pedagogikken i ei instrumental tenking eller å objektivere barna. Derimot tek vi omsyn til subjektiviteten deira. Barn har ein naturleg trong til å leike, men dei søkjer òg læring ved å utforske. Styrken i utviklingstanken kjem tydeleg fram når vi ser på alternativet, som er å ikkje leggje rette for læring og utvikling (Østrem, 2007, s. 278, 280). Barnehagelæraren må leggje til rette for læring ved å la barna leike. Om vi ikkje trur på utvikling og/eller ønskjer at barna skal meistre gjennom å lære nye ting, kva gjer vi då i barnehagen som pedagogar? Barn må få utvikling gjennom leik.
Læringsomgrepet i barnehagen
Tradisjonelt har læring vore sett på som eit resultat av utvikling og modning, uavhengig erfaring. I dag veit vi at kunnskap og læring òg vil byggje på erfaring og den sosiale og kulturelle konteksta (Johansson & Pramling Samuelsson, 2009, s. 22-23; Pramling Samuelsson & Carlsson, 2008).
Lunde & Brodal (2022, s. 80) definerer læring som: «(…) en varig endring av opplevelse og atferd som følge av erfaring». Då handlar læring om meir enn det som skjer i tilrettelagde aktivitetar. Då handlar læring om alt som skjer, og som påverkar barna.
Didaktikk for det uføresette
Når læring vert definert som eit resultat av erfaring, er det vanskeleg å hevde at læring ikkje er ein del av leiken som barna erfarer kvar dag. Didaktikk betyr undervisningslære og har tradisjonelt handla om korleis vi legg til rette for læring. Didaktikk i tradisjonell forstand, med ein plan og klare mål, kan lukke for den læringa som skjer når barn leikar (Draugsvoll, 2022, s. 124; Gunnestad, 2003; Pålerud, 2013, s. 43).
Om målet for dei didaktiske drøftingane i staden for vert korleis vi kan leggje til rette for leik, kan vi enklare opne for den læringa som skjer i leik (Draugsvoll, 2022, s. 39). Pålerud (2013, s. 47–48) kallar dette ein «didaktikk for det uføresette», der læring handlar om det vi erfarer i lag.
Behovet for avgrensing
Barnehagelæraren må vere avgrensa og skilje mellom det som føregår i seg (erkjenninga av at læring skjer når barn leikar), og det som føregår i barna (at dei leikar fordi det er kjekt) (Bae, 1996). Barn ønskjer å lære. Det er slik dei utviklar seg.
Dømet under syner korleis barn gjennom leik, initiert av dei sjølv, kan eksperimentere og lære om fysiske fenomen som omgjev dei, og korleis dei gjennom leiken kan tileigne seg sosiale kompetansar som dei treng for å fungere i samspel:
Eit barn på fire år tek to stolar og fester ein hoppestrikk til. Det lagar ei opning midt på strikken og fester ei bøtte på fem liter i denne. Barnet kastar risposar oppi bøtta, snur seg til barnehagelæraren og seier, medan det smiler: «Sjå, når eg hiver posar oppi bøtta, går den ned og blir tyngre, når eg tar posane ut, går den opp og blir lettare.» «Ja», svarar barnehagelæraren, og introduserer omgrepet tyngdekraft for barnet.
Etter kvart kjem det fleire barn til som vil kaste risposar oppi bøtta. Barnet deler posane mellom dei, og det dannar seg snart ein lang kø med barn som vil kasta. Det er til saman ti posar. Barna deler og bestemmer at dei skal kasta tre kvar, før det er bøttetid. Barna ventar på tur og kastar ein etter ein. Når dei er ferdig å kasta, stiller dei seg bakarst i køen. Barnehagelæraren står i bakgrunnen og set ord på når barna deler, at dei er gode venner som kan dele og vente på tur, og at den som fekk vere med å delta, nok vart glad. (henta frå Draugsvoll, 2022, s. 123)
Avslutting
Barnehagelæraren må leggje til rette for læring ved å la barna leike, utan å ta over styringa. I leik kan barna leike ut erfaringar, og dei lærer om seg sjølv, om andre og korleis dei kan meistre nye ting. Alt dette er ferdigheiter dei treng som vaksne. Barnehagen skal ikkje ha konkrete og målbare læringsmål som i skulen. Læring i barnehagen må handle om dei erfaringane barn gjer i leik. Barnehagelæraren må vere avgrensa og erkjenne at barn lærer når dei leikar, sjølv om barna berre leikar for leiken sin eigen del, utan å ha eit mål utover dette.
Litteratur
Bae, B. (1996). Voksnes definisjonsmakt og barns selvopplevelse. I B. Bae (red.). Det interessante i det alminnelige – en artikkelsamling (s. 145–165). Pedagogisk Forum.
Barker, J.E., Semenov, A.D., Michaelson, L., Provan, L.S., Snyder, H.R. & Munakata, Y. (2014). Less-structured time in children’s daily lives predicts self-directed executive functioning. Frontiers in psychology, 5 (593), 1–16.
Draugsvoll, K.I. (2022). Etiske møte og problemstillingar. Løgstrup for barnehagelærarar. Fagbokforlaget.
Gunnestad, A. (2003). Didaktikk for førskolelærere. En innføring. Universitetsforlaget, 3. utgave.
Johansson, E. & Pramling Samuelsson, I. (2009). Å lære er nesten som å leke. Lek og læring i barnehage og skole. Fagbokforlaget.
Lunde, C. & Brodal, P. (2022). Lek og læring i et nevroperspektiv. Hvordan gode intensjoner kan ødelegge barns lærelyst. Universitetsforlaget.
Olofsson, B.K. (1993). Lek for livet. Andersen & Butenschøn.
Pramling Samuelsson, I. & Johansson, E. (2006). Play and learning – inseparable dimensions in preschool practice. Early child development and care, 176 (1), 47–65.
Pramling Samuelsson, I. & Carlsson, M.A. (2008). The playing learning child: towards a pedagogy of early childhood. Scandinavian journal of educational research, 52 (6), 623–641.
Pålerud, T. (2013). Didaktikk for en demokratisk barnehage. Fagbokforlaget.
Sundsdal, E. & Øksnes, M. (2015). Til forsvar for barns spontane lek. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk, 1, 1–11.
Thoresen, I.T. (2009). Barnehagen i et utdanningspolitisk kraftfelt. Nordisk barnehageforskning, 2 (3), 127–137.
Øhman, M. (2012). Det viktigste er å få leke. Pedagogisk Forum.
Øksnes, M. & Sundsdal, E. (2014). Lek – det som gjør livet verdt å leve! I T.H. Rasmussen (Red.). På sporet etter lek. Lek under moderne vilkår (s. 47–66). Fagbokforlaget.
Østrem, S. (2007). Barnehagen som læringsarena. Realisering av tanken om anerkjennelse. Nordisk pedagogik, 27, 277–290.