Munnleg dialog i møte med kunstig intelligens
Fagartikkel: Bruk av kunstig intelligens (KI) i skulen skapar utfordringar for både undervisning og vurdering. Ei oppvurdering av det munnlege i klasserommet kan vera ein del av løysinga.
Med kvart nye steg i teknologiutviklinga blir vilkåra for læring og undervisning endra. Kunstig intelligens (KI) har på kort tid gjort sitt inntog i livet til kvar og ein av oss – skuleelevar, lærarar og studentar og folk flest elles.
KI kjem med nye moglegheiter og utfordringar. Klok bruk av KI kan føra til ei effektivisering og tidssparing me ikkje har hatt høve til før, men det endrar òg grunnleggjande vilkår i skulen. Kva erfaringar og ferdigheiter er det elevane treng for å meistra den informasjonskvardagen KI fører med seg?
Å finna si eiga stemme
Formålet med all utdanning er djupast sett myndiggjering av elevane. Dei skal bli sjølvstendige deltakarar i samfunnet. Dei skal også helst kunna vera kritiske til mange ytringar i ulike samanhengar.
Skulen var i si tid oppretta for å læra folk å lesa og skriva, og sjølv om pedagogikken har endra seg mykje gjennom tidene, har den samlande fellesskapen om lesing, skriving og samtale i klasserommet vore nokså lik verda over. Arbeid med språk tar tid, særleg det å uttrykkja seg skriftleg. Men dette arbeidet er samstundes ein danningsprosess, eleven og studenten lærer om språk og om verda ved å læra å skriva gode tekstar til ulik bruk. Like viktig er det å bli ein del av eit språksamfunn og ein kultur.
Teknologi har med ujamne mellomrom gjeve skulen nye utfordringar. Med internett kom tilgangen til nærast uavgrensa informasjon, og oppgåva til læraren blei å læra elevane å bruka og forholda seg til dette. Det nye steget i teknologiutviklinga opnar for at elevane ikkje berre kan finna informasjon, men på ein enkel måte kan få tekstar skrivne for seg. På den måten kan arbeidet med å utvikla det personlege språket bli svekka.
I prosessen med myndiggjering treng elevane å finna si eiga stemme, og det skjer best gjennom interaksjon med andre. Språk og identitet er så tett integrert at å utvikla eigen identitet krev at ein arbeider med språket sitt. Språklæring i sin djupaste grunn skjer ved at ein deltek, og lærer samfunnet sine språklege former, og derfrå utviklar eigen identitet og eiga stemme ved å arbeida med språket sitt og få respons.
Prosessen blir viktigare enn produktet
Skulen har tradisjonelt fokusert på produktet til elevane, med mange vurderingar knytt til skriftlege arbeid. Denne vurderingsforma har blitt gradvis vanskelegare i takt med teknologiutviklinga.
Korleis kan skulen trena elevane til å bli tenkjande menneske og i stand til å forhalda seg til og å bruka teknologien på ein god måte? Ei løysing som ligg snublande nær i skulesamanheng, er ei oppvurdering av det munnlege. Og med det meiner me ikkje fleire munnlege presentasjonar, som framleis er ei form for munnlegheit det blir arbeidd mykje med i norsk skule, men ei oppvurdering av den faglege dialogen i norske klasserom.
Gode utforskande dialogar går hand i hand med det som læreplanen seier om kritisk tenking, demokrati og medborgarskap, og dei er også eit godt grunnlag for tekstskaping. Både munnleg og skriftleg samhandling må vera dialogisk, der tenkinga og prosessen er like viktig som det ferdige produktet.
Deltaking gjev fagleg innsikt og demokratisk erfaring
Dersom dette skal lukkast, treng læraren kunnskap om og øving i å laga rammer for og leia dialogar der både elevane og læraren er deltakarar på eigne premiss. Samtalane har først og fremst som mål at elevane lærer seg å bruka uttrykksformene som gjeld i faga, og utforskar omgrep og problemstillingar innanfor kvart fag.
Gjennom slike faglege samtalar får elevane erfaring med at deira stemmer og bidrag er viktige, dermed opplever dei myndiggjering og medverknad. Å lukkast med slike samtalar krev at læraren er både medviten og får trening i å planleggja den munnlege aktiviteten, difor må også lærarutdanninga i mykje større grad enn i dag fokusera på det munnlege. Elevane og lærarane må samarbeida om å øva på å argumentera for ulike syn, og vurdera ulike løysingar opp mot kvarandre. I nokre samanhengar treng ein å bli samde om ei felles løysing, i andre er det å akseptera at ulike syn og oppfatningar lever side om side.
Det er langt mellom slike samtalar manglar i skulen i dag, det viser studiar både frå barne-, mellom- og ungdomstrinnet. Og i høgare utdanning blir meir og meir av undervisninga gjennomført som heildigitale kurs som i stor grad går føre seg med ein lærar som snakkar til ei ruterekke med svarte skjermar. Det gjev dårlege kår for erfaring med og kunnskap om den viktige dialogiske undervisninga.
Skulen og høgare utdanning kan ikkje lenger vurdera læring og tenkjeevne basert på skriftlege produkt. I staden må prosessen og dialogen i større grad leggja grunnen for læring og vurdering, både i dei fysiske og dei digitale klasseromma.
Læraren blir viktigare enn nokon gong
Mange har vore uroa for at KI skal gjera både lærarar og andre yrkesgrupper overflødige. Me trur tvert om at i denne situasjonen er læraren viktigare enn nokon gong.
Lærarar har erfaring med og kompetanse til å gje effektive instruksjonar, skapa undring og læra elevane å stilla gode spørsmål. For å få til god læring gjennom dialogisk undervisning trengst det framleis gode relasjonar, engasjement, respekt og empati både mellom lærar og elev og elevane imellom – dette kan enn så lenge ikkje KI hjelpa oss med.
Ein lærar med ei dialogisk haldning skal både lytta til, leia og følgja elevane i tankeprosessen deira. Universitetet i Cambridge har ei eiga forskargruppe som arbeider med munnlegheit i utdanning. På nettsida deira seier utdanningsforskaren Pete Dudley det godt: «Å forstå munnlegheit er å halda nøkkelen til korleis me tenkjer, resonnerer, lærer, påverkar og operer som sosial art».
Gjennom eit stort repertoar av måtar å samtala og undervisa på skal læraren rettleia elevane til å tenkja på utfyllande og analytiske måtar – det er inga lita oppgåve. Det krev i første omgang at lærarar, lærarstudentar og lærarutdannarar inntek ei slik dialogisk haldning. I lærarutdanninga ved HVL arbeider me med å styrkja det munnlege i framtidige lærarar sine undervisnings-, samtale- og vurderingsmåtar.