Illustrasjonsfoto: AdobeStock
Lite tverrfagleg arbeid i skolen trass krav i læreplanen
Lærarar vil gjerne arbeide tverrfagleg. Men dei får det ikkje til.
– Lærarane slit med å ta i bruk kunnskap om kva som fungerer og kva som bør formast om i undervisninga, seier professor Heidi Biseth ved Universitetet i Sørøst-Norge.
Ho har leia forskningprosjektet Bridges, som tar for seg det tverrfaglege arbeidet i skolen.
I ein nyleg publisert forskingsartikkel tek forskarane tempen på tverrfagleg arbeid i norske skolar. Det kjem fram at tradisjonelle undervisningsaktivitetar er rådande, og at undervising i eitt fag om gongen held fram med å vere den dominerande modellen for å strukturere utdanninga, skriv Universitetet i Sørøst-Norge i ein artikkel på sine heimesider.
Misforhold
Læreplanen Kunnskapsløftet frå 2020 forutset at lærarane arbeider meir tverrfagleg enn før.
Men spørjeundersøkinga blant meir enn 900 lærarar i ulike skolar viser lite samsvar mellom kva lærarane meiner er viktig og det dei faktisk gjer.
Trass i engasjement for tverrfagleg arbeid, rapporterte lærarane at slik undervisningsaktivitet berre skjer av og til.
Sjølv om 80 prosent av lærarane meiner tverrfaglege undervisnings- og læringsaktivitetar gjer skolen betre og meir relevant for elevane, og dessutan koplar undervisninga til utfordringar i samfunnet, er det berre 40 prosent som meiner at dei driv tverrfagleg arbeid i særleg grad.
Les også: Tverrfaglig fagfornyelse kan skje nå
Til saman 155 lærarstudentar og 121 undervisarar på ulike lærarutdanningar deltok òg i undersøkinga og svarte på korleis dei jobbar med tverrfagleg utdanning.
Resultata viser at lærarstudentane vurderer tverrfagleg arbeid som viktig, men at dei opplever lite eksponering for dette i utdanninga si.
– Dette indikerer eit behov for at lærarutdanninga er i forkant, slik at utdanningsinnhald og metodar vert tilpassa utfordringane framtidige generasjonar av lærarar møter, seier Biseth.