Lærarane har ikkje tid til å utnytte meir fridom i undervisninga
Lærarane meiner kompetansemåla i skolerefomen Kunnskapsløftet gir dei meir fridom i undervisninga. Men dei saknar tid til å utnytte denne fridomen.
Dette kjem fram i ei evaluering av lærarane si oppleving av fagfornyinga. Universitetet i Sør-Øst-Norge har gjort. Fagfornyinga er namnet på prosessen med å utvikle og innføre nye læreplanar i skolerefomen Kunnskapsløftet som var innført i 2020.
I tillegg til tid saknar lærarane også arenaer for å vidareutvikle profesjonsfelleskap og samarbeidskultur for å gjennomføre fagfornyinga. Dette gjeld alle lærarar. Men for lærarar på små skolar, der det er få eller ingen andre faglærarar å samarbeide med, er dette ekstra utfordrande.
Rapporten understrekar at skoleleiinga er viktig i implementeringa av fagfornyinga, men og at lærarane berre i varierande opplever støtte og organisering for dette frå leiinga.
Universitetet i Sør-Øst Norge har og evaluert korleis fagfornyinga pregar undervisninga i lærarutdanninga. Konklusjonen er at det er fleire utfordringar her. Lite er endra i innhald og undervisning, og et er store diskusjonar om i kor stor grad fagfornyinga skal prege og endre innhaldet i lærarutdanninga.
Evalueringa av fagfornyinga er eit prosjekt som skal halde fram til 2025, melder Utdanningsdirektoratet på sine nettsider.