Finske universitetsrektorar vil legge mindre vekt på mattekarakerer ved opptak til universitet
De vil at morsmål og framandspråk skal telje meir.
Morsmål og framandspråk vil dei skal telle meir, skriv Svenske Yle.
Rektorane ved universiteta i Finland ønsjer at elevane i vidaregåande skole i større grad vel fag dei er interesserte i. Dei vil ikkje at elevane skal slite med fag som ikkje interesserer dei fordi faget gir mange poeng ved opptak til vidaregåande utdanning. Og faget «lang matematikk» er eit fag mange vel meir på grunn av poenga det gir enn av interesse.
Marja-Leena
Laakso, leiar for universitetrektorane sitt møtet for utdanning, understrekar at dei som har lyst og interesse, bør velje lang matematikk i vidaregåande. Men det er utdanningar der kort
matematikk gir eit godt utgangspunkt for å studere. Difor vil rektorane minske
poengforskjellen i poeng på vitnemålet mellom lang og kort matematikk.
Språk
Talet på studentar som studerer framandspråk har i fleire år gått ned i Finland. Ved universiteta er det nå bekymring over at språkkunnskapane i Finland minkar. Difor vil dei gi fleire poeng til elevar som har språk på vitnemålet.
Stress
Finlands gymnasiastforbund er blant dei som har kritisert poengsettinga av ulike fag i vitnemålet, ikkje minst av di det høge poengtalet for lang matematikk har gitt mye strev og stress for elevane. Organisasjonen har vore med i utarbeidinga av det nye forslaget.
Eit nytt regelverk for poeng på vitnemålet skal vere på plass i august. Men det vil ikkje gjelde før i 2026.