Rammeplanen for SFO har endra lite
Rammeplanen for skolefritidsordninga har endra lite eller ingenting på arbeidet kommunen gjer for å utvikle ordninga, meiner 70 prosent av skoleleiarane.
Rammeplanen
for skolefritidsordninga har endra lite eller ingenting på arbeidet kommunen
gjer for å utvikle ordninga, meiner 70 prosent av skoleleiarane.
Dette kjem fram i undersøkinga «Spørsmål til Skole-Norge høsten 2022». Den byggjer på svar frå 422 skolar og 71 kommunar, og er gjort for Utdanningsdirektoratet. Les her:
Den første rammeplanen for SFO vart lagt fram 9. juni 2021. Daverande kunnskapsminister Guri Melby sa den gongen at kvaliteten på SFO-tilbodet varierte for mye. Det var tilbod som mest var ein oppbevaringsplass der barna fekk tilsyn. Målet med planen var at barna skulle få eit meir likeverdig tilbod.
Les også: Ny rammeplan i SFO skal sikre barna sunnere mat og mer fysisk aktivitet
60 prosent av skoleeigarane og 61 prosent av skoleleiarane meiner at det trengst meir kompetanse om kvalitetsutvikling, som leiing og planarbeid i SFO. Like mange skoleleiarane vil ha økt kompetanse om SFO som integreringsarena.
Blant
skoleleiarane i Oslo er det 17 prosent fleire som ønskje om meir kompetanse om inkludering hos dei
tilsette i SFO. Når det gjeld kunnskap om verdigrunnlaget for SFO aukar denne
skilnaden. 65 prosent av skoleleiarane i Oslo meinte det, mot 44 prosent av
leiarane i Midt- og Nord-Norge meinte det same.
Alt i alt er skoleleiarar ved store skolar meir opptekne av kompetanseutvikling i SFO enn skoleleiarar ved små skolar.