Dømd for overgrep mot elevar
Ein svensk lærar er dømd til fire og eit halvt års fengsel for valdtekt og seksuelle overgrep mot 15 elevar.
Overgrepa skal ha skjedd over fleire år. Ofra har vore barneskoleelevar i Borås.
Det er STV som melder dette.
I dommen heiter det at det er skjerpande at overgrepa har skjedd på skolen, av vaksne som arbeider der. Læraren, som er i trettiåra, erkjente under rettsaken ein del av det han er tiltalt for.
I tillegg til fengsel er læraren dømd til å betale til saman drygt 400 000 i ertatning