Har funne ut korleis dei kan trekke tilskot til streikebarnehagar

Kommuneadministrasjonen i Stavanger meiner dei har knekt koden for korleis dei kan trekke offentlege tilskot frå private barnehagar for den tida dei har vore i streik.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag skal formannskapet i Stavanger kommune ta stilling til framlegget. Saken er først omtalt av Stavanger Aftenblad.

Barnehagestreiken brakte fram spørsmålet om private barnehagar har rett på offentleg tilskot når dei er i streik og har reduserte personalkostnadar. Barnehagelova er uklar på dette punktet, er det slått fast. Kunnskapsdepartementet arbeider med ein gjennomgang av barnehageøkonomien, og der vil dette spørsmålet bli handsama.Eventuelle endringar som følgje av dette vil ikkje kome før i løpet av 2023, har KD tidlegare sagt til Utdanningnytt.

Likevel sa departementet at kommunar kan trekke i tilskotet til barnehagar som hnr vore i streik. Det gir lova handlingsrom for, ifølgje departementet. Kommunane har ,trass dette, vore usikre. Departementet har ikkje sagt kva for lovhjemlar kommunane kan bruke for slik trekk. Det er heller ikkje forklart dette kan gjerast reint praktisk.

Nå har likevel kommunedirektør Per Kristian Vareide lagt fram ein metode.

Han viser til dei generelle reglane i lova, som seier at barnehagane får tilskot for å drive barnehage. Av det må det følgje at når barnehagen ikkje gir eit barnehagetilbod fell retten til tilskot bort.

Ingen av dei tretten barnehagane som var i streik i Stavanger vart heilt stengt. Men på grunn av låg bemanning var tilbodet kalla tilsyn, ikkje barnehage. Da kan ein ikkje få tilskot som til barnehage, ifølgje framlegget frå kommunedirektøren.

Framlegget frå kommunedirektøren krev at kommunen går inn i kvar og ein av dei 13 barnehagane og sjå korleis streiken har redusert personalkostnadane. Så må kommunen rekne ut trekk for kvar og ein barnehage.

Politisk vilje

– Dette skal vi vise politisk vilje til å prøve, seier Dag Drange Mossige, gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Stavanger kommunestyre.

– Argumentasjonen til kommunaldirektøren er tydeleg og vatntett. Og det kan ikkje vere slik at barnehagane får betalt for tenester dei ikkje gir. At det undergrev streikeretten, er berre eitt av problema det i så fall skaper, seier han.

– Kvifor det, når kommunane tener på streik når det er dei kommunetilsette som streikar?

– Ja, dei gjer det. Men da går pengane som blir spart til fellesskapet. Og eg meiner fellesskapet bør bruke dei til det beste for dei institusjonane som er blitt ramma., seier Dag Drage Mossige.

Avhengige av seriøsitet

Gruppeleiar for Høgre John Peter Hernes seier partiet er i mot framlegget.

– Ein viktig grunn til det er at arbeidsgivarane i eit seriøst arbeidsliv er avhengige av at samarbeidspartar og kundar opptrer seriøst, skriv Hernes til Utdanningsnytt.

– At ein kommune, etter at ein lovleg arbeidskonflikt er slutt, skal kutte i avtalebaserte tilskot bryt etter vår oppfatting med «byggeklossane» for å lage eit forutsigbart og seriøst arbeidsliv, held han fram.

Om ein meiner det er urimeleg at langvarige streikar, som lærarstreiken, fører til at arbeidsgivar sparer pengar kan det lagast reglar for det i forkant, ifølgje Hernes.

– Det er fair. Men det offentlege kan ikkje gå foran og lange «Tommy.reglar for korleis arbeidslivet skal fungere, seier John Peter Hernes.

Uheldig politisering

PBL seier i eit brev til kommunen at framlegget til vedtak er i strid med regelverket og ein svært uheldig politisering av den avslutta konflikten. Det vil og vere eit brot med viktige prinsipp av fordeling av barnhagetilskota.

Trekk i eit tilskot på grunn av ein arbeidskamp er eit stort inngrep overfor barnehagane, ifølgje PBL.

– Da kreves det klar lovhjemmel, står det i brevet.

– Kommunedirektøren legg opp til utidig politisk innblanding i ein lovleg konflikt, skriv PBL.

Powered by Labrador CMS