Da dei ga elevane meir fag og fleire utfordringar, skjedde det noko ved Garnes skule
Ved Garnes skule i Bergen skifta dei fokus frå dei som strever med læring, til å gje fleire meir avansert stoff. Det har alle tent på, meiner dei.
Etter at femteklassingen Malvin Olai Myklebust valde høgare vanskegrad i matematikken, merka han at faget blei gøyare.
– Eg har likt veldig godt å få fleire utfordringar, seier han.
Og nettopp dette var teorien til forskargruppa ved NLA Høgskolen, som i 2016 begynte å jobbe med tilpassa opplæring for elevar med stort læringspotensial.
– Meir fag, meir avansert stoff og større faglege utfordringar kan vere vegen til høgare trivsel og betre sosial funksjon for ein del elevar, seier Inge Andersland, som ledet NLA-forskargruppa. Han er førsteamanuensis i religion, livssyn og etikk (RLE) ved Høgskulen på Vestlandet.
Nøkternt mål
Garnes skule var ein av to Bergen-skular som gjennom eit toårig Dekomp-prosjekt (Desentralisert ordning for kompetanseutvikling) samarbeidde med NLA Høgskolen om å utvikle undervisning spesielt tilrettelagt for elevar med stort læringspotensial. Skulen sette seg eit nøkternt mål: På to år skulle dei bli litt betre i å tilpasse til elevar med stort læringspotensial – og det trudde dei alle elevane ville tene på.
– Det målet hjelpte oss til å senke skuldrene, seier Ole Bjelland Jacobsen, kontaktlærar på 7. trinn.
Han føler ikkje at prosjektet har revolusjonert korleis han underviser. Det er heller snakk om små justeringar. Samtidig merker han at han og dei andre lærarane har fått eit endra tankesett, både når dei prøver å forstå elevane, og når dei planlegg undervisninga.
Karianne Ekeberg Garnes, kontaktlærar på 3. trinn, seier seg einig.
– Før har vi hatt absolutt mest fokus på dei som strever med læring. Det er fleire ting vi gjer annleis no, spesielt det at vi tenkjer meir på at elevane kan ha stort læringspotensial, seier ho.
– Elevane kan skilje seg ut på eitt eller anna vis. Dei kan vere rastlause, lære på ein annan måte, vere kritiske, kjede seg, ramsar ho opp.
Jacobsen fortel om korleis elevane kan tenkje annleis og løyse ting på heilt andre måtar enn det som er venta.
– For all del, gjer det på din måte, seier han til elevane då.
Nokre gongar lar han elevane sjølv velje om dei vil følgje undervisninga eller lære seg stoffet på eiga hand.
Lærarane lar gjerne elevane med stort læringspotensial gå fort fram, droppe repetering og fordjupe seg i tema dei interesserer seg for. Dei er trygge på at elevane vil nå måla i læreplanen på sitt eige vis.
For lærarane kan dette også bety å akseptere at elevane kan meir enn dei på enkelte område. Tidlegare kunne det opplevast ubehageleg når elevane sette lærarane fast med avanserte spørsmål. No ser dei heller på elevane som oppriktig nysgjerrige.
– Eg trur dei blir møtt på ein meir positiv måte av alle lærarane her no, seier rektor Synnøve Hjertaker på Garnes skule.
I staden for å bli stressa av vanskelege spørsmål frå elevane, forsøker lærarane å svare med undring og opne spørsmål.
Elevar fekk nytt syn på skulen
Den nye tilnærminga kan vere til god hjelp for lærarane i prosjektet «algoritmiske veker», som Garnes skule har kvar haust. Då jobbar elevane med algoritmisk tenking; å løyse komplekse problem ved å dele dei i mange små oppgåver. Elevar med stort læringspotensial kan jobbe med meir komplekse oppgåver og løysingar, til dømes innan programmering.
– Der kan eg veldig lite, så då let eg elevane styre det sjølv, seier kontaktlærar Jacobsen.
Han har merkt tydeleg endring hos enkelte elevar som har fått tilrettelegging for stort læringspotensial.
Se elevane programmerer ein Lego-robot til å stoppe rett før han treff minifiguren i videoen:
– Eg trur at dette har opna ei dør til ei ny verd for nokon. Eg merkar at dei ser på skulen på ein annan måte enn før. Skulen er ikkje berre keisam når dei kan få lære på nye måtar.
Maren Falkanger er representant i foreldrerådets arbeidsutval (FAU). Ho har born på 1. og 3. trinn på Garnes skule. Ho er sjølv lærar ved ein annan skule, og har difor lest litt om endringane som Garnes skule har gjort. Ho er glad for at skulen har lagt vekt på at tilrettelegginga skal vere inkluderande for alle elevane.
– Som foreldre vil vi jo at borna skal ha høve til å verte inkludert i fellesskapet, både sosialt og fagleg. Vi vil at dei skal ha det fint, og at dei skal bli sett. Når lærarane blir kjent med borna og jobbar med læringsmiljøet, trur eg skulen blir ein fin stad å vere, seier ho.
Rektor Synnøve Hjertaker fortel at det har vore viktig at elevane med stort læringspotensial ikkje skulle få eit heilt eige opplegg.
– Det ville gå ut over tilhøyrsla deira i gruppa, og det ville vore arbeidskrevjande for lærarane, påpeiker ho.
– Trur det kan brukast av alle
Hjertaker presiserer at skulen i lang tid har hatt gjennomsnittlege resultat på nasjonale prøvar og kome godt ut i Elevundersøkelsen. Men då dei i fellesskap analyserte resultata sine, hadde dei ein hypotese om at dei kunne utfordre dei flinkaste elevane meir. Dei mangla kunnskap om korleis dei kunne gjere det. Difor ønskte dei å vere med i NLA Høgskolen sitt Dekomp-prosjekt.
Inge Andersland fortel at samarbeidet med skulane har vore noko av det mest lærerike han har jobba med som lærarutdannar.
– Vi har opplevd ekte samskaping. Det kjennest som vi er i kjernen av det Dekomp- ordninga skal vere, seier han.
Bergen kommune sin nye rettleiar om temaet, som er laga av lærarar og leiarar frå Garnes og Ulsetskogen skule, er no delt med alle skulane i Bergen.
Andersland har tatt metodane inn i grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet, og no samarbeider han med nye skular for å lære meir om temaet. Andersland og Hjertaker har òg delt erfaringane på ein konferanse i Sverige.
– Eg trur alle skular kan bruke delar av det Garnes skule har gjort. Det krev lokal tilarbeiding, og det er lærarar gode til, seier han.
– Andre born enn ein skulle tru
I rettleiaren finn ein informasjon om identifisering, pedagogiske grep, undervisingsopplegg og skuleleiing.
Det første skulen gjer, er å forsøke å fange opp dei elevane som faktisk har stort læringspotensial. Det treng ikkje vere heilt opplagt.
– Eg trur vi finn helt andre born enn ein skulle tru. Dette er ikkje nødvendigvis skuleflinke born. Nokon av dei føler seg dumme fordi dei tenkjer så annleis enn andre, seier Hjertaker.
– Jo meir vi jobbar med dette, jo meir handlar det om psykisk helse. Born med stort læringspotensial har det ofte vanskeleg. Det kan vere mange grunnar til at born har det vanskeleg, men stort læringspotensial bør bli ein del av forklaringsmodellen. Mitt mål er at dette blir ei mogleg forklaring som alle grip til tidleg, seier ho.
Ho merkar at lærarane på Garnes skule har dette med seg i underbevisstheita heile tida no. Det har endra måten dei møter elevane på.
Prøver ulik tilrettelegging
Inge Andersland, som leia forskargruppa, trur at det opnar ei ny dør for lærarane når dei blir bevisste på at stort læringspotensial kan vere årsaka til at enkelte elevar har det vanskeleg. Bak denne døra har dei ei rekkje måtar å tilpasse undervisninga for elevane.
– Eg har ei «spagetti på veggen»-tilnærming til det. Lærarane må prøve forskjellige ting og sjå kva kvar enkelt elev tener på, seier Andersland.
Så snart lærarane har mistanke om stort læringspotensial hos ein elev, kan dei begynne å leggje undervisninga til rette for dette.
Viser det seg at dei tok feil, kan dei avslutte tilpassinga utan at det har skjedd nokon skade. Den einaste tilrettelegginga som dei ikkje testar ut på kven som helst, er å droppe repetisjon. Repetisjon på for lågt nivå er noko som kan øydeleggje motivasjonen hos dei med stort læringspotensial, medan det er viktig for dei som er på rett fagleg nivå.
Elevane bidreg sjølv
Andersland har vore opptatt av å finne metodar som er berekraftige for eit heilt vanleg lærarkollegium. Tilrettelegginga skal ikkje føre til at lærarane slit seg ut: – Eg trur det handlar om å ha variasjon i nivået og forma på undervisninga. Elevane kan sjølve bidra til å finne rett nivå, og vere med på samtaler om kva dei bør bruke tida si på, seier han.
– Viss klassen kan bli eit utforskande fellesskap der elevane trer fram og får meir ansvar for å setje sitt preg på undervisninga – då trur eg at skulekvardagen kan bli spennande og interessant, legg han til.
I prosjektet har Garnes skule og NLA Høgskolen utvikla såkalla LIST-oppgåver, frå Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa, for alle fag; oppgåver med lav inngangsterskel og stor takhøgd.
Dei bruker ofte rike, opne oppgåver. Ifølgje Inge Andersland tilbyr desse fleire vegar til svaret. Dei lar elevar utforske strategiar og metodar for å finne løysingar. Oppgåvene søkjer tilknyting til verkelege situasjonar. Elevane vert utfordra til å grunngje vala sine, forklare tenkinga og diskutere løysingane med andre.
– Alle kan sitje i same klasserom og jobbe med same oppgåve, men løyse oppgåvene på heilt ulike måtar, seier rektor Hjertaker.
Lærarane bruker ofte variert igangsetjing. Medan nokon starter med repetering, kan andre gå på nett for å utforske nye tema.
Mange elevar har oppgåver for høgare trinn i enkelte fag. Nokre elevar hospiterer på høgare trinn. Dei har også auka bruken av aldersblanda grupper.
I ekspertrapporten «Et jevnere utdanningsløp» vart det anbefalt auka bruk av midlertidig inndeling i små grupper basert på faglig nivå, noko som og har blitt meir vanleg på Garnes skule.
– Dette meiner eg er å ta prinsippet om fellesskulen på alvor. Skal skulen vere for alle, må vi inkludere desse elevane også. I min fellesskulevisjon er det rom for veldig mange ulike typar elevar, seier Inge Andersland.
Han legg til at elevar med stort læringspotensial er ei veldig variert gruppe.
– Eg vil gjerne bidra til ein skule der elevane blir vande til at dei er forskjellige, men at alle er like verdifulle.