På Stend vidaregående skule har elevene fôring og stell på timeplanen.
ThomasFørdeTekst og foto
Publisert
Annonse
Samtidig blir teorifag som matematikk og naturfag gjort synlege og nyttige i praksis.
Annonse
Mariell Berntzen og dei andre jentene i elevgruppa fyller silofôr i trillebåra og skuvar ho inn på fôrbrettet til sauene. Den eine trillebåra etter den andre blir tømde. Medan dyra ventar på servering, nappar og bit dei litt utolmodig og vennskapleg borti kjeledressane til elevane som fer forbi.
– Dyra er vane med å ha folk rundt seg, seier Kari Hole Falck.
Ho er utdanna barne- og ungdomsarbeidar og er arbeidsleiar i fjøset for ei gruppe elevar som får eit tilrettelagt undervisingstilbod.
Mariell Berntzen har vore elev ved Stend sidan i fjor sommar og har funne sin favorittsau. Den har fått namnet Kvitveis.
Mariell og Kvitveis er blitt så nære venner at søya kjem bort til henne straks ho oppdagar den unge røktaren i fjøset.
Førsteval
– Sauer er mine klare favorittar mellom husdyra. Dei er så sjarmerande og lette å få kontakt med. Det er godt å ha sauer rundt seg i skulekvardagen, seier Mariell.
Ho fortel at vidaregåande opplæring på Stend var hennar førsteval. På ungdomsskulen sleit ho mykje med konsentrasjonsvanskar.
– Det var ikkje lett å få inn teorifag. Me sat ved pulten eller ved tastaturet heile dagen. Her får me læra om dyr og dyrestell både i teori og praksis i tillegg til vanlege allmennfag.
På Stend er Mariell i ei gruppe saman med sju andre elevar, alle jenter.
– Det blir meir ro i gruppa når me er berre jenter, seier Mariell.
Ho har faste vakter i sauefjøset onsdag og torsdag. Fredag er ho og gruppa hennar i hestestallen, andre skuledagar i kufjøset. Om våren ser ho fram til å vera med i sauefjøset under lamminga.
Veleigna for slik opplæring
Då landbruksskulane på 1990-talet blei omgjort til vidaregåande skular, blei fleire av dei nedlagde etter kort tid. Då brann det eit blått lys også for Stend. Men som vidaregåande skule har plassen fått nytt liv.
I dag er Stend den skulen i fylket som er størst innan tilrettelagd opplæring, med om lag 100 elevar.
Leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland, Åsmund Bertelsen (SV), seier at trongen for slike tilbud er aukande:
– Det er viktig at elevar som får tilrettelagd undervising blir integrert med dei andre elevane i klassemiljø og på skulen elles. Ettersom dei har mange strenger å spela på, er dei tidlegare landbruksskulane veleigna arenaer for slik opplæring, seier fylkespolitikaren.
Ulike utfordringar
Ved Stend har dei både fjøs med sauer, mjølkekyr, hestestall, hønsehus, hundegard og eiga avdeling for smådyr.
Elevar med tilpassa opplegg kan ha særs ulik bakgrunn, vera på ulikt nivå og ha ulike behov. Skulen gir tilbod til psykisk utviklingshemma og til ungdommar med ymse andre typar nedsett funksjonsevne. Ei stor elevgruppe har slite med lærings- og konsentrasjonsvanskar og ymse sosiale utfordringar.
For denne sistnemnde gruppa har Stend fire elev- eller arbeidsgrupper med mellom åtte og ti elevar i kvar.
Gruppene eller småklassane er knytt til ulike greiner av gardsdrifta.
– Elevar kan vera prega av å ha blitt mobba og har ymse andre dårlege erfaringar frå vanlege klassar, seier Kari Falck.
Ho legg til at mange som startar på Stend kan vera inneslutta, ha sosial angst og ha problem med å omgåast andre.
– Ved å setja dei saman i mindre grupper, gi dei opplæring i handtering av husdyr og gi dei høve til å oppleva nærleik til dyra gir tryggleik. Arbeidsfellesskapet blir eit sosialt fellesskap og ofte til vennskap. Nokre elevar oppnår tryggleik nok til å finna venner også på tvers av grupper, klassar og linjer, seier Kari.
Inkludering
– Me nyttar omgrepet inkludering i staden for integrering, seier rektor Leif Sigurd Danielsen og legg til at inkludering er ein naturleg del av skuledagen.
Danielsen peikar vidare på at alle elevar har skulen og garden som felles læringsarena.
– Enkelte grupper med elevar, som får tilrettelagt undervising har undervising saman med andre elevar. Dessutan er alle elevar representert i elevrådet og deltar på alle felles arrangement ved skulen, seier rektor.
Målet for tilrettelagt undervisning er ifølge Danielsen å gjera elevane klar for det som kjem etter vidaregåande skule.
– Me legg difor stor vekt på sosialt samspel. Opplæringa tar utganspunkt i dei faga, eller delar av fag som eleven kan meistra. Eleven får eit kompetansebevis, kor det går fram kva mål i læreplanen som er gjennomført, seier Danielsen.
Han legg til at Stend vidaregåande skule har ein fordel som kan nytta gardsbruket til læringsarena.
– Tilrettelagt undervising skjer i mindre grupper med tett oppfølging. Det er ressurskrevjande, men har til nå blitt finansiert gjennom budsjettmodellen til Vestland fylkeskommune, seier rektor ved Stend.
Gartneri og gardsbutikk
Ein stor del av allmennfaga inngår som ein viktig del av praksisundervisinga. Kari Falck fortel at i matematikk kan dei rekna ut fôrmengder til dyra i fjøset. Ute treng dei til dømes å rekna ut lengda på gjerdenetting og kor mange stolpar som trengst til oppsetjing av eit nytt gjerde.
– I engelskundervisninga konsentrerer me oss mest om fagspråk og gloser som er knytt til landbruket, og i norskfaget arbeider me til dømes med å skriva CV og søknader.
Elevgruppa flyttar seg til gartneriet. Frø, som vart sådd i vinter, er blitt til små spirande planter og skal bli til ymse typar grønsaker og urter.
Mariell Berntzen og klassevenninnene hennar har faste arbeidsøkter i gartneriet, som mellom anna er vidgjete for produksjon av robuste julestjerner.
Annonse
Ekte arbeid
Avdelingsleiar Lars Ivar Søvik seier at det er eit viktig mål å få ungdommane ut i arbeid etter gjennomført vidaregåande skule.
Det siste året har skulen hatt ein person tilsett som berre jobbar med å finna plassar i arbeidslivet til elevar som går ut frå Stend.
Søvik understrekar også at elevane med tilrettelagd undervising utfører ekte arbeid.
– Elevane er ein ressurs for skulen, og skulegarden er ein ressurs for elevane. Når elevane får meiningsfulle arbeidsoppgåver, gir det motivasjon, seier Søvik.
Elevgrupper med tilrettelagd undervising knytt til studieretninga sal, service og reiseliv, får arbeidstrening og opplæring i gardsbutikken og i kafédrifta.
Det same gjeld i kjøkkenet ved skulen si kantine, som serverer varm lunsj dagleg.