Eksamen kan bli erstatta av langtidsoppgåver
Utdanningsdirektoratet vil kommande vår prøve ut langtidsoppgåver som supplement eller alternativ til eksamen i videregående skule.
Det Utdanningsdirektoratet vil vite, er om ei langtidsoppgåve gir elevane betre høve til å vise kva dei kan. Dette vil direktoratet sjå i lys av endringar som nytt kompetanseomgrep og ny struktur i læreplanane. Difor blir skoleeigarar nå bedt om å melde seg på til å delta i forsøket.
Forsøket gjeld dei tre faga biologi 2 på vg 3, matematikk 1P-Y på vg 1 og politikk og menneskerettar på vg 3.
Vi treng meir kunnskap både om kva ei langtidsoppgåve skal vere, og om det kan vere ein retterfig og påliteleg forem for sluttvurdering, skriv Udir på sine heimesider at vi treng. Difor må dei som er med i forsøket både utføre oppgåva og ha eksamen.
Tre faggrupper av lærarar og forskarar er på plass for å utvikle tre ulike former for modellar for oppgåvene.
Erfaringane for prøveåret 2024 vil ligge bak tilsvarande forsøk i 2025. Det kan bli aktuelt å utvide forsøka både til fleire fag og til grunnskolen.
Les meir hjå Udir her: Utprøving av langtidsoppgave som alternativ eller supplement til eksamen