Skolane vil hjelpe svenskspråklege og finskspråklege elevar til å bli betre kjent

Med prosjektet Skolstigen vil skolane i Pargas kommune i Finland at barna skal lære kvarandre å kjenne, trass ulike språk.

Publisert

Dei bur tett på kvarandre, og dei tar same skolebussen kvar dag, sjetteklassingane i Pargas i Finland. Men når dei går av bussen, går dei svensktalande elevane til Kirjala skole og dei finsktalande til Nilsbyn koulu.

Pargas er ein kommune på øyar sør-vest i Finland, og nabokommune til Åbo. 57 prosent av folket snakkar svensk, 41 prosent finsk.

– Finsk- og svenskspråklege held seg for seg sjølv, seier sjetteklassing Jaakko Jokinen til Svensk Yle.

– Men det blir lettare for alle å bo i Pargas om alle forstår kvarandre, slår han fast.

Våge å prate

Difor er målet for lærarane i kommunen er at dei svenske og finske elevane skal prate med kvarandre. Håpet er at tør dei først det, blir det lettare å lære det andre språket. Prosjektet Skolstigen legg opp til slike møte.

To lærarar, Stina Juup frå finsktalande Nilsbyn koulo og Sofie Ramstedt frå Kirjala skola, er begeistra for tiltaket. I praksis betyr det i at elevane møter kvarandre og deler ulike aktivitetar nokre dagar kvart halvår. Kvar klasse har ein fast vennskapsklasse.

– Alle sjetteklassingane har problem med å våge å snakke svensk, seier Stina Juup.

– Men eg trur dei forstår meir enn det dei seier. Og dei trivst med desse møta , seier ho.

– Om finsken ikkje fungerer så bra, kan ein hjelpe til med hendene, meiner den svenskspråklege sjetteklassingen Ellen Helsenius. Ho seier det er viktig å kunne finsk blant anna for å få seg jobb i Pargas.

Powered by Labrador CMS