Ill.foto: Mostphotos
Det er nødvendig med bemanningsauke i barnehagane
Debatt: Vi treng ei strengare lovfesta bemanningsnorm som fører til færre barn per tilsett i barnehagane i Noreg.
Dei
barnehagetilsette, mange foreldrerepresentantar og fagforbunda som har
medlemmar i barnehagane, har ropt opp om den altfor låge bemanningsnorma for
barnehagar i særs mange år no. Det er nødvendig med ei bemanningsauke for alle
alderskulla i barnehagane.
Det
legemelde sjukefråværet i norske barnehagar, som omfattar over 100.000
tilsette, er på totalt 8 prosent, som er 63 prosent høgare enn gjennomsnittet
for alle tilsette i Noreg. Talet på barnehagetilsette som går ut av
arbeidslivet for godt før dei fyller 63 år, er stabilt høgt. Samstundes er det
nedgang i talet på dei som søkjer seg inn på barnehagelærarutdanningane.
I ei
undersøking som Utdanningsforbundet har gjort blant 4600 av deira medlemmar som
er barnehagelærarar, svarar 29 prosent at dei ser for seg å slutte i jobben i
løpet av eitt-tre år, og dei fleste av dei som seier dette, er 40 år eller
yngre. I den same undersøkinga kjem det fram at berre 10 prosent av
barnehagelærarane seier at dei ser føre seg å jobbe i barnehage i meir enn ti
år til. Ein rapport frå Statistisk sentralbyrå frå i fjor synte at berre 66
prosent av dei som arbeida som barnehagelærarar i 2011, framleis var barnehagelærarar
i 2021.
Dagens
bemanningsnorm gjer det vanskeleg for barnehagetilsette å følgje opp det stadig
større ambisjonsnivået for barnehagane som rikspolitikarane vedtek gjennom ein
stadig meir omfattande lov og forskrift. Det er jo ikkje slik at kvar einskild
barnehagetilsett plutseleg får fleire armar, eit ekstra fang og auge i
bakhovudet av at politikarar på Stortinget og i regjeringa kjem med auka krav
til innhaldet i barnehagane. Dei rammevilkåra som gjeld for barnehage i dag, slit ut særs mange barnehageassistentar, barne- og ungdomsarbeidarar,
barnehagelærarar og pedagogiske leiarar i barnehagane.
Fagforbundet,
Utdanningsforbundet og Delta krev alle ei styrka bemanning med fleire tilsette
i barnehagane, som fører til at det vert færre barn per vaksen. Raudt Sogn og
Fjordane stør dette kravet. Ein auke i bemanninga i barnehagane er nødvendig,
ikkje berre av omsyn til arbeidsvilkåra og den personlege helsa til den
einskilde barnehagetilsette, men òg av omsyn til kvardagen til barnehagebarna.