Foreldra forventar at pengar spart under streiken kjem barna til gode
– Bruk desse pengane til beste for barna, krev Foreldreutvalet for barnehagar (FUB).
– Vi oppfordrar barnehageforeldre som har vore ramma av streiken til å gå i dialog med barnehagen og spørje korleis barnehagen har tenkt å bruke midlane dei har spart, seier leiar i Fub Einar Olav Larsen i ei pressemelding.
Barnehagane har fått fulle offentlege tilskot sjølv om dei ikkje har betalt lønn til tilsette i streik. Dette må barnehagane vere opne om, meiner foreldreutvalet.
Betre bemanning, fleire faste vikarar eller nye leikeapparatar er døme på kva foreldre og barnehage bør diskutere å bruke desse pengane til, ifølgje FUB.
– På vegne av ungane våre ventar vi med optimisme på svara , seier Einar Olav Larsen.
FUB-leiaren seier at utvalet medvete har halde lav profil under streiken i respekt for streikeretten. Men dei har likevel merkt seg konsekvensane både for barn og foreldre. Korleis blir ungar påverka av timar med nettbrett og tv medan foreldre jobbar? Og kva er de langsiktige økonomiske konsekvensane for foreldre som har tatt ut ulønna permisjon?
Einar Olav Larsen understrekar at foreldra er svært glade over at streiken er over, og vonar at resultatet er slik at partane kan leve med det i fleire år framover.
LES: – Det har vært noen meningsfulle uker