Tidleg engelskundervisning gir liten effekt
I sjuande klasse var elevane som hadde starta med engelsk i tredje klasse flinkare enn dei som hadde starta med faget i første.
Det er konklusjonen i ein tysk studie som er med
i den danske forskingsoversikta «Kvalitet i tidlig
engelskundervisning» frå Danmarks Evalueringsinstitut.
Det er det danske bladet Folkeskolen som skreiv om dette først.
Lite å vinne
I rapporten har forskarane gått igjennom dansk og europeisk forskning over fleire tiår om tidleg engelskundervisning. Konklusjonen er at det er lite å vinne på å starte når elevane er seks-sju år. Som femteklassingar var riktignok dei elevane i den tyske studien som hadde hatt engelsk sidan første flinkare enn dei som hadde starta i tredje. Men to år etter hadde dei som starta sist, gått forbi.
Forskninga viser at for å bli gode er det viktige for elevane at dei får undervisning av høg kvalitet. Det betyr at lærarane er dyktige og kunnskapsrike både i didaktikk og i engelsk, konkluderer dei danske forskarane.
Men det er ingen fordel i seg sjølv å begynne tidleg.
Tidleg start er ikkje ein motivasjon i seg sjølv
Oppfattinga av at små barn lærer nye språk raskt, kan vere rett når barna møter det nye språket i ein naturleg samanhang, hyppig og intenst. Men det stemmer ikkje for læring i klasserom, viser forskinga.
Dei eldre barna, derimot, kan i ein slik situasjon ha nytte av å ha eit betre morsmål, og av å vere meir mogne og med det betre i stand til å lære gjennom tydelege instruksar. Dermed lærer dei meir effektivt enn dei yngste gjer.
Om det skulle vere ein fordel med tidleg start i engelsk må det vere fordi dei små kan vere godt motiverte, meiner forskarane. Men i så fall er det ein motivasjon som stadig må haldast ved liv. Å ha starta tidleg med engelsk er ikkje ein motivasjon i seg sjølv for eldre elevar, ifølgje studien.
– Vi ønsker å vite meir om kva elevane lærar utanfor skolen, kva for rolle dét har og bør ha for læraranes praksis i klasserommet, og vi søkjer svar på om det er formålstenleg å begynne med engelskopplæring i første klasse, sa Ulrikke Elisabeth Rindal, førsteamanuensis ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking ved Universitetet i Oslo til Utdanningsnytt i høst.