Raudt vil endre reglane for tvungen lønnsnemnd
Regjeringa må kontakte alle partar i konflikten før det blir gjort vedtak om tvungen lønnsnemnd, meiner partiet Raudt.
Stortingsrepresentantane Mimir Kristjanson, Seher Aydar og Hege Bae Nyholt, alle frå Raudt, har stilt eit representantframlegg der dei ber Stortinget be regjeringa om å setje fram eit framlegg til endring i lov om tvungen lønnsnemnd.
Endringa skal sikre at begge partar får kontradisjonsrett, altså blir spurt om sitt syn, før ein streik blir stoppa med tvungen lønnsnemnd.
Som bakgrunn for framlegget viser dei tre stortingsrepresentantane til fleire tilfelle dei siste åra der bruk av tvungen lønnsnemnd har vore strekt omdiskutert. Eit døme meiner dei er tvisten mellom Unio og KS i 2021. Denne streiken vart stoppa ved å vise til brannfare ved eit anlegg for avfall og gjenvinning. Dette skjedde trass i at det var innvilga dispensasjon for streik ved dette anlegget.
I same framlegg ber dei tre også om at regjeringa legg opp til å, i samarbeid med partane, ein gjennomgang av bruken av tvungen lønnsnemnd. Norske styresmakter er fleire gonger blitt kritisert av den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO for hyppig bruk av tvungen lønnsnemnd.
Samlar partane
– Det er sedvane at statsråden kallar inn partane før framlegget til Stortinget om tvungen lønnsnemnd blir skrive, seier Stein Evju, professor emeritus ved Universitetet i Oslo med arbeidsrett som eit spesiale, til Utdanningsnytt.no.
– Lova krev ikkje eit slikt møte, understrekar Evju. Men dette møtet gir partane høve til å presentere sitt syn på å ta i bruk tvungen lønnsnemnd. Difor meiner han framlegget om krav om å hente inn synspunkt frå alle partar må vurderast ut frå denne praksisen.
LES: Regjeringen stanser lærerstreiken med tvungen lønnsnemnd
Meir restriktiv bruk av lønnsnemnd
Når det gjeld framlegga om å gå igjennom bruken av tvungen lønnsnemnd seier Evju at bruken er blitt meir restriktiv i løpet av dei siste førti åra.
Blant element som kunne vere viktige å ta opp i ein slik gjennomgang trekk han fram frontfagsmodellen og lock-out.
– Det vil vere naturleg å leggje inn ei vurdering av frontfaget og andre oppgjer i same sektor. Dessutan korleis lock-out er blitt bruk nokre tilfelle, seier Stein Evju.
Samstundes minner han om at det ikkje er noen lov som krev at ein streik blir stoppa når regjeringa har bestemt seg for å be Stortinget vedta tvungen lønnsnemnd.
– Men det er ein praksis som er djupt forankra i partane si oppfatting, seier Stein Evjen.
Høyring
Framlegget frå representantane frå Raudt har vore på høyring.
LO skriv i sitt svar at intensjonen i framlegget er god. Men dei peikar på at i ein situasjon der liv og helse er i fare kan det vere krevjande å ha kontradiksjonskravet som eit absolutt krav.
Norsk Sjukepleiarforbund er klar i si støtte til framlegget. Dei viser til fleire situasjonar der streikar er blitt stoppa på det dei meiner er feil grunnlag, og at dette kan bli bli avverga om arbeidsministeren får råd basert på riktig faktum i tråd med gjeldande praksis.
Unio understrekar at intensjonen i framlegget er god, men at Stortinget ikkje kan krevje spesielle prosedyrar blant partane i dette høvet. Likevel understrekar Unio at å intensivere dialogen i trepartssamarbeidet om tvungen lønnsnemnd kan vere positivt.
YS oppfordrer til videre utgreiingar for å finne reglar som sikrar at vedtak om tvungen lønnsnemnd blir fatta på eit best muleg grunnlag. Dei vil og greie ut tiltak som gjer det vanskelegare for arbeidsgivar å medvete provosere fram lønnsnemnd.
Lederne er einige i skildringa av at arbeidstakarsida ikkje rutinemessig blir kontakta for å vurdere tvungen lønnsnemnd, og er positive til at nye ordningar i tråd med framlegget frå Raudt blir diskutert.
Problematisk
Næringslivets Hovudorganisasjon konkluderer med at framlegget er problematisk, og argumenterer med at det er partane, ikkje politikarane som skal finne løysingar i tariffspørsmål. Alt i alt meiner dei ordninga i dag fungerer bra.
Også Norsk Industri er skeptisk til framlegget, men understrekar at om det blir eit trepartssamarbeid om dette vil dei, som tariffpart og representant for frontfaget, vere med i arbeidet.
Samfunnsbedriftene ser ikkje behovet for endring.
I framlegget heiter det og at regjeringa, i samarbeid med partane, bør går igjennom bruken av tvungen lønnsnemnd rutinemessig. Det bør formast eit framlegg som skal sikre at tvungen lønnsnemnd ikkje kan bli brukt til å undergrave streikeretten.
Tryggingsventil
Til kommentaren frå LO om at ved fare for liv og helse kan det vere uansvarleg å hente inn utsegn frå dei som streiker vere uforsvarleg tidsbruk seier Hege Bae Nyholt at slike situasjonar kan oppstå.
– Da må ein naturlegvis reagere raskt. Men vi har sett at at dei siste konfliktane som avbrutt med argumentet blitt liv og helse har vist seg å ikkje vere akutte.
Difor treng vi ein tryggingsventil i systemet som kan hindre at det skjer. Korleis vil skal lage denne ventilen må partane bli samde om, seier ho.
At representantar for arbeidsgivarsida meiner ordninga er god som ho er finn ikkje Hege Bae Nyholt overraskande.
– Men dei som arbeider med menneske, ikkje med livlause gjenstandar, treng betre vern om streikeretten. Målet er at pågåande konfliktar ikkje blir stoppa med mindre det er heilt naudsynt, seier Hege Bae Nyholt.