Dei fleste svenske steinerpedagogikk-skolar har manglar i skoleopplegget
Manglane gir risiko for at elevane ikkje får utvikle dei kunnskapane dei skal og ikkje har eit trygt skolemiljø, konkluderer den svenske Skolinspeksjonen.
Skolinspeksjonen har granska dei 35 svenske skolane som kallar seg waldorfskolar. 27 av dei har manglar i skoleopplegget. I Noreg og Danmark kaller skolar insprerte av Rudolf Steiners filosofi seg for Steinerskolar. I andre land kallar dei seg Waldorfskolar. Båe byggjer på steinerpedagogikk.
– Elevene får ikke den utdanningen og undervisningstiden de har krav på. Dette setter framtidige studier i fare, sier Anna Bergqvist i Skolinspektionen.
Fleire av manglane i undervisninga kan kome av at skolane tar utgangspunkt i steinerpedagogikken heller enn i skolelovgivinga, konkluderer Skoinspeksjonen . Dette gjeld særleg for manglane i tidleg innsats, for lite undervisningstid og at elevane ikkje alltid får høve til å utvikle evna til å bruke digital kompetanse.
Skolinspeksjonen har granska skolane ut frå undervisninga etter læreplanen, garantert undervisningstid, vitskapleg bakgrunn for undervisninga, tidleg innsats og trygt skolemiljø og ikkje krenkande handsaming av elevane.
Dei fleste av dei 27 skolane hadde manglar i fleire av desse punkta.
Les også : Kraftig kritikk av svensk steinerskole
Problem vidare i utdanningsløpet
To tredelar av dei svenske steinerskolane hadde manglar i arbeidet med å gi elevene høve til å utvikle kunnskap og verdiar i tråd med skolelovgivinga. 15 av dei 35 av dei hadde ikkje sikra at elevane fekk den undervisningstida i faga som dei skulle. Det var manglar både i planlegging, gjennomføring og undervisning som skulle sikre dette.
21 skolar hadde manglar i arbeidet med å undervise etter dei nasjonale læreplanane. I dei aller felste tilfella var dette knytt til bruk av digitale verktøy.
Arbeidet med tidleg innsats i tråd med skolelova hadde manglar ved 14 skolar. Blant vart ikkje behov for særskild støtte utreda eller sett inn.
– Når dette arbeidet ikke gjøres skikkelig, er det fare for at elevene ikke får den støtten de trenger, sier Bergqvist.
Når arbeidet med trygt og godt skolemiljø ikkje var tilfredsstillande var årsaken at meldingsytem ikkje fungerte eller at skolane ikkje arbeidde med ordensreglar. Det var og observert at synet på kva som er krenking ikkje var samanfallande i personalet
Skolinspeksjonen konstaterer at manglar i planlegging og gjennomføring av undervisning etter nasjonale læreplaner skaper en risiko for at elevane ikkje får med seg den undervisninga dei skal ha, og at dette vil gi dei problem vidare i utdanningsløpet.