Danskane diskuterer høgare karakterkrav for å kome inn på studiespesialisering

Lærarane seier nei og arbeidsgivarane seier ja til å auke karakterkrava for dei som vil ta studiespesialisering på vidaregåande.

Publisert

Den danske regjeringa diskuterer nå om karakterkravet frå grunnskolen bør auke til over 5 for opptak til studiespesialisering. Toppen av karakterskalaen er 12.

I Danmark heiter skolane som gir studieførebuande undervisning gymnas. Nyleg arrangerte fagorganisasjonen for gymnaslærarar, Gymnasieskolernes Lærerforening (GL),  ope møte om spørsmålet i tilknytting til sitt arrangement Folkemødet.

Om snittkravet blir heva til 6 vil 13 prosent av dei som i dag går i gymnaset ikkje kome inn. Blir det heva til 7 vil kvar fjerde av dei som er elevar i dag ikkje få plass.

Forskningssjef ved Rockwool Fonden, Jan Rose Skaksen, starta møtet med å leggje fram fordelar og ulemper med høgare karakterkrav.

– Høgare krav i gymnaset vil gi fleire elevar i yrkesskolane. Kvaliteten i gymnaset vil auke ved at fråfallet blir mindre og karaktersnittet høgare, sa han.

Men høgare krav vil ramme skeivt, og det er ei stor ulempe, understreka Skaksen Det er særleg gutar, elevar med anna bakgrunn i dansk og elevar med foreldre utan anna utdanning enn grunnskolen som vil miste sjansen til å gå på gymnaset.

– Gymnaset vil få ein markant endring i sosial profil, sa Jan Rose Skaksen. Det vil slå hardare somme stader i landet enn andre.

– Det blir framstilt som om eit karakterkrav på 6 er rein ondskap, sa Claus Rosenkrands Olsen, utdanningssjef hos arbeidsgivarorganisasjonen Dansk Erhverv. Organisasjonen vil ha høgare krav til gymnasopptak, men ifølgje Olsen ikkje for å få fleire elevar i yrkesopplæringa.

– Yrkesfaglege studieprogram skal stå på eigne bein. I dag er dei fattige som helvete og treng massive investeringar, sa han.

Politikaren Henrik Dahl sit for Liberal Alliance i Utvalg for barn og utdanning i det danske Folketinget. Han såg ikkje problemet med at nye karakterkrav endrar den sosiale profilen i gynmaset.

– Vi lagar ikkje sosialpolitikk med utdanningspolitikk, sa han.

Vil utdanne dei vi har

– Vi vil gjerne romme og utdanne dei elevane vi har i dag, sa Stine Wolff frå styret i Gymnasieskolernes Lærerforening. Ho meinte dei som ville gå i gymnasiet måtte få plass. Elevar som ikkje  når opp til karakterkravet som gjeld nå kan likevel vere egna til å gå i gymnaset, meinte ho, og minte om at elevar kan utvikle seg sterkt i løpet av tre år, ikkje minst fagleg.

Også Henrik Nevers, leiar for Danske Gymnasier, organisasjonen for rektorane, går i mot å auke karakterkravet . Han meinte for mange ville falle utafor om kravet vart heva til over fem. Men organisasjonen vil ha bort unntaksreglane som i dag gjer det muleg å kome inn med snitt på under 5.

– Vi skal finne ein balanse der elevane kjem med nok fagleg ballast for å gå i gymnaset og dessutan klarer seg godt i vidare studiar. Den balansen har vi treft med kravet om 5, sa Henrik Never.

Ifølgje Store Norske Leksikon søkjer rundt 72 til 73 prosent av grunnskoleelevane i Danmark  gymnas etter grunnskolen.

   Les meir:  Stor debat om øget adgangskrav til gymnasiet,  Folkemødet, Store Norske Leksikon

Powered by Labrador CMS