Prorektor Levi Gårseth-Nesbakk.
Foto: Nord Universitet
Tar til orde for å revurdere femårs lærarutdanning
Prorektor ved Nord Universitet, Levi Gårdseth-Nesbakk, tar til orde for å endre på lærarutdanninga. Statssekretær er ikkje einig, men seier at dei vil gjere utdanninga meir fleksibel.
Det skriv NRK Nordland.
Søkertala til lærarutdanninga i heile landet har falt dramatisk. Berre 29 søkarar har grunnskuleutdanning ved Nord Universitet som førsteval. Dei har plass til 55.
I eit intervju med NRK Nordland tar prorektor Levi Gårdseth-Nesbakk til orde for å endre på utdanninga.
– Eg trur ein må vere ærlege og stille spørsmålet: Var det rett å gå for femårig integrert utdanning? spør han.
– Kanskje det kunne ha vore ein tre pluss to-modell, eller liknande type alternative tankar for å gjere det litt mindre skummelt å måtte gå inn på fem år i ein smell.
Saknar allmennlæraren
Senterpartiet har hele tida vore kritisk til innføringa av femårig lærarutdanning. I 2020 fremma dei forslag om å gå tilbake til fireårig utdanning, med moglegheit for å ta eit femte år.
I et intervju med Utdanningsnytt i forkant av stortingsvalget 2021 sa stortingsrepresentant Marit Knutsdatter Strand, som sit i Utdannings- og forskningskomiteen, at Senterpartiet saknar anerkjenninga av allmennlæraren.
– Det verkar det også som om mange studentar gjer. Dei melder tilbake om at lærarutdanningane har vorte for teoretiske og ønskjer meir praksis. Det meiner eg vi må lytta til. Vi er bekymra for fråfall og framtidig lærarmangel, sa Strand.
Meir praksis
Men sjøl med Senterpartiet i regjering ser det ikkje ut til at endringane i lærarutdanninga blir så drastiske.
Sist veke sende regjeringa forslag til endring av rammeplanane til lærarutdanninga på høyring. Til NRK Nordland seier statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) at forslaget inneheld endringar som skal gjere utdanninga og praksis-delen meir fleksibel.
- Og skal til dømes gjere det lettare å ta med seg andre fag inn i utdanninga. Nettopp for å kom i møte noko av den kritikken som det forslaget botna i. At utdanninga kanskje har blitt oppfatta som litt for rigid, seier Hoel.