Xenia blir einaste fleirkulturelle delegat på landsmøtet i Utdanningsforbundet

Ho ber valkomiteane ta ansvar.

Publisert

– Valkomiteane må ta ansvaret for at det blir fleire som meg på neste landsmøte, seier Xenia Haceaturean-Aas.

Xenia er oppvaksen i Moldova og utdanna spesialpedagog og logoped der. Etter utdanninga, i 2007, kom ho til Norge som au pair.

Nå arbeider ho ved PPT i Ålesund og har sidan årsmøtet i vår hatt plass i fylkesstyret til Utdanningsforbundet Møre og Romsdal. Bakgrunnen for det vervet er at ho er arbeidsplasstillitsvald for gruppa faglege og administrative støttesystem, (FAS).

Ved førre landsmøte, i 2019, var Jasmin Eminovic einaste delegat med fleirkulturell bakgrunn. Han er ikkje delegat i år.

– Kva skal til for at fleirkulturelle medlem blir betre representert i UDF enn dei vil bli i den kommande landsmøtesalen?

– Valkomiteane må bli meir medvetne om ansvaret for å løfte det fleirkulturelle i organisasjonen, slår Xenia Haceaturean-Aas fast.

Samstundes meiner ho vi bør vere merksame på at det kan vere grunnar til at personar med innvandrarbakgrunn ikkje ser verdien av vere engasjement i norsk fagrørsle.

Makt

–  For mange er makta du har som tillitsvald noe nytt. At du møter maktpersonar på arbeidsplassen og i kommuneadministrasjonen og kan påverke, stille krav og få gjort om på ting, seier Xenia.

– Lønnspolitikk og streik er nok ord dei fleste er innforstått med. Men ikkje ordet «drøftingsmøte», og alt det lønns- og arbeidsvilkår i brei tyding omfattar, seier ho.

– Mange kan sikkert tenkje at norsken deira ikkje er god nok til å ha verv der ein må ta ordet, presentere og diskutere framlegg og endringa. Men den redsla er oftast sterkt overdrive, understrekar logopeden.

– Dei fleste vaksne lærer seg greitt eit effektivt språk for sin profesjon. Der det kan butte, er på aksent og intonasjon. Det kan og vere vanskeleg å bli god i den lokale dialekten, talespråket forblir eit formelt bokmål frå vaksenopplæringa. Men slikt er det stor forståing for, og øydelegg ikkje for korkje kommunikasjon eller respekt , slår ho fast.

Spør

Uansett kva som måtte vere grunnane til at fleirkulturelle ikkje har ein sterk relasjon til fagforeininga er det eitt viktig tiltak som UDF må ta i bruk til for å få dei med:

– Spør om dei vil! seier Xenia.

Det er nok av plassar å fylle. I hennar eige fylke er det 228 UDF-medlem som ikkje har arbeidsplasstillitsvald.

– Vi tenkjer kanskje at det er i dei store byane at arbeidet med å engasjere dei fleirkulturelle bør vere sterkast. Men det er i dei små kommunane dei fleirkulturelle verkeleg kan få blomstre. I små kommunar bør ein vere allsidig for å kunne dekkje alle behov. Har du ei utdanning som ikkje går som hand i hanske med det norske utdanningssystemet kan du likevel få brukt deg, avsluttar Xenia Haceaturean-Aas.

Nominasjon

Også Merve Kutluca, leiar for UDF i Alna bydel i Oslo, peikar på valkomiteane og nominasjonsprosessane som ein grunn til at fleirkulturelle er lite synlege i lokalstyre, fylkesstyre, sentralstyre og som delegatar til landsmøte i UDF.

Merve Kutluca

Ho er leiar i ein bydel med nær 50 000 innbyggjarar, 45 barnehagar og 17 skolar.

– Om UDF ønskjer fleire med fleirkulturell bakgrunn i styrande organ må fleire bli spurt om dei vil ha verv og vere med, seier Merve Kutluca.

– Men som minoritet er det er jo ikkje så mange å spørje, seier ho.

Men Kutluca spør og om det er ein tendens til at fleirkulturelle ikkje gjer seg synlege nok til at det blir naturleg å spørje dei.

– Kvifor er det i så fall slik?

– Det kan verke skummelt og framand å stå fram, kanskje. Ein veit ikkje heilt kva ein kjem borti. Og da hjelper det ikkje at det er få fleirkulturelle med verv frå før.

– Det må bli tatt omsyn til dette i nominasjonsprosessane om målet er fleire med innvandrarbakgrunn i verv, gjentar ho.

– Kanskje vi bør setje mål om ein viss prosent fleirkulturelle i verv, spør Merve .

Ivrige barnehagelærarar

– Eit litt overflatisk blikk på lokallagsstyra til UDF i Oslo gir inntrykk av at det er dei fleirkulturelle med barnehagebakgrunn som er mest ivrige til å ta verv. Har du ein kommentar til det?

– At eg som barnehagelærar i så fall blir litt stolt. Kanskje fleire kjenner det som meg, dei fleirkulturelle barnehagebarna våre får oss til å stå på litt ekstra, seier Merve Kutluca.

– At også dette landsmøtet går av stabelen med berre ein delegat med fleirkulturell bakgrunn er berre trist, seier Ann Mari Milo Lorentzen, sentralstyremedlem og leiar for utval for likestilling og mangfald i Utdanningsforbundet.

– Vi kan ikkje bortforklare dette. Det er berre å leggje seg flat. Vi har ikkje jobba godt nok i organisasjonen for å få fleire røyster med blant dei tillitsvalde. Eg trur arbeidet bør starte med å rekruttere fleire med ulik bakgrunn på arbeidsplassnivå, seier ho

– I juni 2019 vedtok Sentralstyret ein strategi for å arbeide strategisk med mangfald og integrering i UDF. Kvifor har ikkje denne strategien gitt betre representasjon av fleirkulturelle medlem?

– Strategien har ikkje vore godt nok kjent i organisasjonen. Pandemien og tre streikar sidan 2019 er nok blant grunnane til det, seier Lorentzen, og held fram:

– I tillitsvald-opplæringa har vi eit kursopplegg som heiter «inkludering og mangfald». Valkomiteane både i lokallag og fylkeslag er oppfordra til å bruke det og på det viset bidra betre til mangfald og integrering, avsluttar Ann Mari Milo Lorentzen.

«Fleirkulturell»» er ikkje eit eintydig omgrep. Både Xenia Haceaturean-Aas og Merve Kutluca har overfor Utdanningsnytt identifisert seg meg omgrepet. Vi har i denne samanhengen ikkje brukt omgrepet om personar frå nordre del av Vest-Europa.

 Les også: Jasmin er einaste innvandrar på landsmøtet i Utdanningsforbundet

Powered by Labrador CMS