Skulebesøk på Katrinebjergskolen, der dei nyttar NEST-pedagogikk
Reportasje: Studentar og lærarar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) fekk innsikt i Nest-pedagogikk – ein metode utvikla for å støtte elevar med autismespekterforstyrringar (ASF), då dei vitja Katrinebjergskolen i Danmark.
Programmet vi (15 studentar ved studiet spesialpedagogikk i barnehagen og 3 lærarar) hadde på studiebesøket i Århus i Danmark var rikhaldig og omfatta alt frå Home start for foreldre og små barn til fysisk trening for vaksne med funksjonsvariasjon. Den vitjinga som skapte mest refleksjon i gruppa, var innføring i Nest-pedagogikk ved Katrinebjergskolen.
Nest-pedagogikk
Omgrepet byggjer på det engelske ordet nest (= reir) og viser til at elevane skal kjenne seg varetekne og trygge. Pedagogikken er retta mot elevar med autismespekterforstyrringar (ASF), og vart utvikla i New York i 2003. Tilsette ved Katrinebjergskolen og hjelpeapparatet gjennomførte første klasse med Nest-pedagogikk første gongen i 2016, og dei har lagt til ei ny gruppe kvart år, slik at dei no dekkjer 1.–7. trinn. Pedagogisk leiar Sannie Leth skildrar ein fastlagd struktur for klasserom, samarbeid og system. Involverte frå administrasjonen og den enkelte lærar må forhalda seg til rammene som vert lagde. Mottoet til Nest-pedagogikk er «barn gjer det dei kan, og om det er behov for at dei skal gjere noko anna, så er det vaksne omkring dei sitt ansvar». Det vil seie at viss barna ikkje lærer det dei vert underviste i, så er det dei vaksne sitt ansvar å endre undervisninga slik at dei lærer. Målet er at kvart enkelt barn vert så dyktig som dei kan.
Klasserom
Nest-pedagogikk er i hovudsak lagt inn i tre rammer: klasserom, samarbeid og sosial læring. Undervisning skal vere av ein slik karakter at elevane lærer, og den underliggjande tanken er at for elevane med ASF veit dei kva utfordringar som er til stades, og kan ta omsyn til dette i planlegginga. Klasserommet har ein gjennomført visuell struktur, der tavleområdet vert omtala som kontrolltårnet. Her skjer visualisering gjennom enkle, men tydelege dagsplanar som viser når ulike aktivitetar skal skje, og kven av lærarane og elevane som er involverte.
Det er viktig å gje elevane informasjon dei kan forhalde seg til, seier Leth. Visuelle oversikter og det å gje korte beskjedar er nøkkelfaktorar, ein straum av ord gjev ikkje betre læring. Nest-pedagogikk er bygd på slike strategiar og gjeld for heile klassen, og strategiane skal gjennomførast som planlagt. Leth påpeiker at om ein går inn i alle individuelle behov, forsvinn merksemda på den gode læringa, både fagleg og sosialt. Innbakt i pedagogikken er ei tru på at elevar er meir like enn ulike, noko som er nyttig å leggje vekt på i den sosiale treninga.
Visuelle oversikter og det å gje korte beskjedar er nøkkelfaktorar
Elevgruppa
Katrinebjergskolen er ein kommunal skule, og dei fleste elevane går i heilt ordinære klassar som ikkje bruker Nest-pedagogikk. Det er sju klassar på trinn 0–7 som bruker Nest-pedagogikk, og i klassane det gjeld, er det tolv nevrotypiske elevar, fire elevar med ASF og to likestilte lærarar.
Det vert informert om dette tilbodet på eit foreldremøte, og foreldre kan velje å la barnet vere del av ein ordinær klasse eller ein Nest-klasse. Strukturen på hjelp er klar og gjeld for heile elevgruppa: sosial støtte, åtferdsstøtte, fagleg støtte og vekt på sensorisk sjølvregulering, der elevane får hjelp på sitt funksjonsnivå. Dette skapte undring i studentgruppa, som er van med norsk tankegang om individualisering. Leth forklarte at visst kan det innimellom vere behov for at ein elev treng noko heilt individuelt, og forklarer det med at vi alle har gode og dårlege dagar. Barn har ofte dei beste intensjonar, og vaksne må prøve å skjøne dette. Leith viser til at vi har alle behov for anerkjenning, uansett alder. Men det viktige ved Nest-pedagogikk er å trekkje eleven inn i gruppa av medelevar.
ASF
Sosial læring er eit behov for elevar med ASF sjølv om det kan vere slitsamt. Dette er eit kjerneområde, og det å vere i gruppe med elevar utan ASF er tenkt å gje gode rollemodellar. Men her må det heile tida arbeidast mot å få til god inkludering. Nest-pedagogikk har særleg merksemd på fungering innafor kommunikasjon, arbeidshukommelse, tempo, visuo-spatiale ferdigheiter, førestilling, eksekutive funksjonar, konsentrasjon, merksemd og energinivå.
Leith fortel om ein elev med visuospatiale utfordringar som ikkje klarte å kjenne att døra inn til klasserommet. Eleven trong å telje seg fram til si klasseromsdør kvar morgon. Her vart det sett inn hjelp ved å gjere eleven merksam på andre detaljar. Leith ber oss om å tenkje over korleis det er å ha utfordringar som dette, eller å ha vanskar med å lese mimikk og dei utfordringane som dette gjev sosialt. Alle overgangar er vanskelege for elevar med ASF, og mange er konstant overarbeidde med å handtere kvardagen, noko som kan gje seg utslag i at elevane er svært slitne når dei kjem heim.
Struktur
Alle nye lærarar ved skulen gjennomgår eit kurs i Nest-pedagogikk, og dei må forplikte seg til å følgje strukturen som ligg i denne pedagogikken. Oppgåvene i klasserommet er fordelte, og ulike teknikkar som team-teaching vert nytta. Det inneber at éin lærar underviser og den andre læraren stiller spørsmål til undervisninga for å få til god læring. Læraren er ein rollemodell, og i klasserommet skal læraren vere den profesjonelle vaksne. Merksemda er på elevane, ikkje på den andre vaksne. Dei skal vise elevane at dei er viktige og har ei rolle i fellesskapet. Dagane vert skildra som gjennomstrukturerte, der også matpausen har fast struktur. Samarbeidsmøte er òg klart strukturerte, ikkje minst gjennom tidsavgrensing, noko Leith meiner har bidratt til effektive møte. Å finne løysingar gjev energi, å snakke om elevgruppa sine vanskar gjev berre meir vanskar, noko vi absolutt kan leggje oss på minne.
Refleksjon
I tavleområdet i klasserommet var det ein plakat som gav ei visuell oversikt over strukturen, elles var det lite som kunne distrahere elevane. Friminuttet i skulegarden viste smilande og leikande barn som myldra rundt. Vi såg òg ein elev med tett vaksenkontakt som kan hende måtte ha hjelp til noko som måtte ordnast opp i.
Studentgruppa frå HVL vart vel varetatt med danske kanelbollar, og ferske bagettar til lunsj. Vitjinga var interessant, men det kjendest uvant for norske pedagogar å ha så mykje vekt på struktur og elevgruppa i staden for individet. Dette skapte noko drøfting i gruppa, og spørsmålet som hang att, var: Kvar er det tid til den frie leiken når dagen er så strukturert? Til no har Katrinebjergskolen ikkje fått høve til å kartleggje korleis Nest-pedagogikk verkar på elevane si sosiale og faglege utvikling. Kanskje det vert tema for ei masteroppgåve for nokon i denne studentgruppa?
Å finne løysingar gjev energi, å snakke om elevgruppa sine vanskar gjev berre meir vanskar
I tillegg til dagar fylte med fagleg påfyll var det sosialt påfyll på kveldane. Prikken over den sosiale i-en var når den faglege guiden, Finn Steenfatt Thomsen, heldt konsert for gruppa på Fairbar ein kveld.