Vi treng fem prosent færre lærarar i 2027

KS reknar med at talet på skolelærarar vil falle med fem prosent dei neste fem åra.

Publisert

Så vil behovet for lærarar i skolen halde seg stabilt i dei første kommande åra, ifølgje berekningane til KS. Det er i debattheftet «Mellomoppgjøret 2023» at KS presenterer desse beregningane.

I barnehagane vil behovet for tilsette auke med om lag fem prosent fram til 2031, spår KS. Barnehagelærarar er på lista over yrke KS meiner det blir utfordrande å rekruttere. Lærarar i skolen er ikkje på den lista.

Dei som er med her er, i tillegg til barnehagelærarar, sjukepleiarar, legar, psykologar, vernepleiarar, ingeniørar og helsefagarbeidarar. Innafor helse og omsorg vil behovet for tilsette auke med 28,9 prosent. Det er 45 600 årsverk.

Flere saker om dette tema

lærermangel lærermangel ks

Powered by Labrador CMS