SPALTIST Anita Cirotzki

Barnehagelærarar er avgjerande for kvaliteten i barnehagen

Mykje av arbeidet til barnehagelærarane er lite synleg. Derfor må vi snakke meir om kvifor denne utdanninga er viktig for barna.

Eg er barnehagelærar og er stolt av utdanninga mi, men nokre gonger kan eg oppleve at yrket vert oppfatta som mindre viktig. Kanskje handlar det om manglande kunnskap om barnehagelærarkompetansen og kva rolla inneber. Kanskje er det manglande kunnskap om rolla som får nokre politikarar til å snakke om at det ikkje er så viktig med barnehagelærarutdanning eller barnehagelærarnorm. 

Slike uttaler får kampviljen fram i meg. Ikkje berre for min eigen del, men aller mest for barna. 

Barnehagen er ikkje barnepass eller oppbevaring, men eit pedagogisk tilbod. Då krevst det pedagogisk kompetanse. Normene skal sikre at barnehagen har eit minimum av den barnehagelærarkompetansen som trengst for at barna skal ha eit tilbod av høg kvalitet.

Anita Holm Cirotzki

er barnehagelærer, sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet og leder i kontaktforum for barnehage.

Har brei kompetanse

Barnehagelæraren har brei kompetanse om utviklinga, veremåten og kommunikasjonsformene til barn. I møte med andre menneske gjer vi oss refleksjonar, vi vurderer, observerer og gjer val for å støtte barnet i utviklinga deira. 

Vi veit at læring skjer i alle situasjonar. Vi veit kor viktig det er å leggje til rette for gode leikemiljø, og korleis leiken utviklar motoriske, sosiale, språklege og kognitive ferdigheiter. 

Vi har også ansvar for å leie, planleggje, gjennomføre, vurdere og utvikle det pedagogiske arbeidet, skal følgje opp foreldresamarbeid, samarbeide med barnevern, helsestasjon og PPT, for å nemne noko. Lista er nesten utømmeleg.

Må snakke om utdanninga

«Barnehagelærere er den profesjonen som utdannes spesielt for å kunne vareta barnehagens oppgåver. Barnehagelærernes ulike roller og pedagogiske praksis er derfor avgjerande for kvaliteten i barnehagen», står det i Barnehagelærerrapporten (2018, s. 26).

Barnehagelærarkompetansen er som ein skjult skatt vi held for oss sjølv, for mykje av arbeidet vårt er lite synleg. Derfor må vi snakke meir om kvifor denne utdanninga er viktig for barna, og kvifor ho må bli prioritert høgare. 

Det betyr ikkje at andre tilsette ikkje er viktige, men barnehagelærarutdanninga er spesialdesigna til å vareta oppdraget i rammeplanen. Derfor er ho avgjerande for kvaliteten i barnehagen.

Innlegget har òg vore publisert i Første Steg nr. 1/2025

Powered by Labrador CMS