Matutvalet i barnehagane er einsretta mot reindriftskulturen, og representerer ingen variasjon eller speglar det samiske mangfaldet i matkulturen, viser studie.

Samisk mat i barnehagen preget av reindriftskulturen

Fagartikkel: Når personale i barnehagen skal lage samisk mat, er det ofte av reinsdyrkjøtt. Samisk mat er så mykje meir.

Publisert Sist oppdatert

Norske barnehagar er dyktige til å markere samisk nasjonaldag 6. februar og barn får møte samisk kultur gjennom eit spekter av aktivitetar. I denne artikkelen set vi søkelyset på korleis arbeid med samisk matkultur kan arte seg i praksis og representere utfordringar og dilemma i arbeidet med samiske perspektiv som i mindre grad blir kommunisert, men som det kan vere behov for å løfte fram.

 

Samisk kultur i rammeplanen

Etter at rammeplanen i 2017 i tydeleg grad løfta fram samiske perspektiv som del av barnehagens innhald, kan det sjå ut som at markering av samisk nasjonaldag og tradisjonelle samiske aktivitetar har blitt ein del av norsk barnehagetradisjon. Rammeplanen framhevar både at «Barnehagen skal synleggjere samisk kultur og bidra til at barna kan utvikle respekt og fellesskapskjensle for det samiske mangfaldet» (Kunnskapsdepartementet, 2017, s. 9) og at norske barnehagar skal synleggjere samisk kultur, uavhengig av om barna har samiske røter.

Sidan rammeplanen ikkje definerer kva «samisk» betyr, kan dette tolkast som at det er opp til den enkelte pedagog og barnehage å tolke innhaldet i omgrepet. Vi var difor interesserte i å undersøke korleis pedagogiske leiarar arbeider med samisk kultur ut frå sine perspektiv, også med tanke på at barnehagar i Norge står i ei særstilling med anerkjenning av samane som urfolk (Regjeringen, 2020).

For å avgrense studien vart søkelyset retta mot samisk matkultur. I teksten under presenterer vi sentrale resultat etter å ha gjennomført fokusgruppeintervju med ti pedagogiske leiarar i fire ordinære barnehagar utan spesifikk samisk tilknyting. Resultata kjem frå ein artikkel i antologi om samiske og nasjonale minoritetars matkultur (Ryslett & Håberg, 2025).

 

Matrettene bidos og gahkko

Både aktivitetar og utval av matrettar peikar mot reindriftskulturen. Rundt den samiske nasjonaldagen 6. februar er det ein etablert praksis å gjennomføre ulike praktiske aktivitetar. Dei pedagogiske leiarane i dei fire barnehagane fortalde at dei bruker å gjennomføre ulike aktivitetar som å lage mat på bål, lassokasting, formingsaktivitetar, lytting til joik, lesing av eventyr og å sjå på TV-program om samisk kultur. Felles for desse aktivitetane er at det blir lagt stor vekt på samiske identitetsmarkørar som ligg tett opp til reindriftskulturen.

Når det gjeld utval av samiske matrettar blir det i dei fire barnehagane nytta to matrettar: bidos og gahkko. Bidos er ei tradisjonell samisk gryte med reinsdyrkjøt og grønsaker, og gahkko er eit tradisjonelt samisk festbrød. Ein av dei pedagogiske leiarane forklarte det slik: «Vi har laga litt mat også, bakt sånn, eg gjorde det i fjor, bakte sånne gahkkobrød eller kva det heiter, også laga vi den der bidos» (Ryslett & Håberg 2025). Dei pedagogiske leiarane fortel at dei to matrettane oftast blir laga ute på bålet.

ahkko er eit tradisjonelt samisk festbrød, men samisk matkultur er meir mangfaldig og inneheld også råvarer frå hav, elv og jordbruk som fisk, sau, geit og bær.

 

Kunnskap om samisk matkultur

Dei pedagogiske leiarane fortel at dei ønsker meir kunnskap og kompetanse om samisk kultur. Dei nyttar internett, og særleg kjeldene NRK Super og Idebroen samisk på Facebook. Som døme fortel ein av dei pedagogiske leiarane: «Så bruker vi NRK Super ein del, for der er ein serie som heiter Megafon og der er ein episode om han Jon Eilu som er samisk og den er litt … eg må stoppe den, for han slaktar jo! Det er litt mykje då for nokon av desse ungane her. Vi bruker å stoppe då han stikk den pinnen i nakken, er det vel?» (Ryslett & Håberg, 2025). Oppskriftene på bidos og gahkko finn dei pedagogiske leiarane oftast på internett, medan ein av barnehagen hadde ein perm knytt til feiring av den samiske nasjonaldagen. I permen var det også oppskrift på dei to matrettane.

Bidos er ei tradisjonell samisk gryte med reinsdyrkjøt og grønsaker som barnehagelærarane ofte lager når dei skal snakke om samisk kultur i barnehagen.

 

Berekraftig samisk matkultur

Når det gjeld berekraftig levemåte, blir tradisjonell samisk matkultur framheva som førebiletleg. Dei pedagogiske leiarane framheva at gjennom å arbeide med samisk kultur kan dei samtidig synleggjere arbeidet med berekraftig levesett. Ein av dei forklarte det slik: «Det [berekraft] viser dei [samane] godt fram med slakting av dyr, dei brukar heile dyret ikkje sant, ikkje som oss som kjøper forferdelege pelskragar frå Kina» (Ryslett & Håberg, 2025). Dei pedagogiske leiarane formidlar at ein tradisjonell samiske levemåte, knytt til reindriftskulturen, står i stor kontrast til eit vestleg levesett og forbrukarsamfunn.

 

Bakkebyråkrater

I studien har vi definert pedagogiske leiarar som bakkebyråkratar. Det er typisk for ein bakkebyråkrat å manøvrere mellom krav «ovanfrå» og innspel «nedanfrå». «Ovanfrå» tyder samfunnsmandatet eller rammeplanen sine pålegg om å arbeide med samisk kultur i barnehagen. «Nedanfrå» peikar på foreldre- og barnegruppa som brukarar av barnehagen. Pedagogiske leiarar som bakkebyråkratane må utøve ein betydeleg grad av skjønn (Molander & Terum, 2008), og dette kan føre til fleire dilemma.

 

Fleire dilemma

Dei pedagogiske leiarane uttrykte at dei kjente på ein gjennomgåande mangel på kunnskap om det samiske feltet, men også dilemma mellom fortid og notid i presentasjonen av samisk kultur. Ein av dei pedagogiske leiarane uttrykte det slik:

« … men så veit vi jo også at dei fleste samane bur i vanlege hus og dei går med vanlege kle, så det er noko med at vi må få fram det også, slik at vi ikkje driv med vranglære. Ein veit no ikkje heilt kva som er riktig heller» (Ryslett & Håberg, 2025).

Eit anna dilemma som dei pedagogiske leiarane peikar på, er frykt for å krenke den samiske kulturen, som å «trakke nokon på tærne» (Ryslett & Håberg, 2025, s. xx). Dei uttrykker også frykt for å framstille samisk kultur på ein stereotypisk måte, som igjen kan føre til for lite respekt. Som døme understrekar ein av dei pedagogiske leiarane at: «Dei samiske plagga er ikkje utkledingsklede, respekt!» (Ryslett & Håberg 2025).

Vi finn også at det kan vere eit dilemma at ingen av dei pedagogiske leiarane stilte spørsmålsteikn ved utvalet av samiske matrettar (bidos og gahkko). Matutvalet er einsretta mot reindriftskulturen, og representerer ingen variasjon eller speglar det samiske mangfaldet i matkulturen. Samisk matkultur er meir mangfaldig og inneheld også råvarer frå hav, elv og jordbruk som fisk, sau, geit og bær (Heim 2023, s.172- 173). Dette dilemma var i liten grad synleg når det gjeld matkultur, og kan peike på liten matkunnskap om det samiske mangfaldet.

 

 Treng meir fagleg støtte

Vi tolkar dei pedagogiske leiarane i denne studien slik at val av matrettar, oppskrifter og gjennomføring av eit samisk måltid er ukomplisert. I denne studien finn vi at reindriftskulturen er dominerande i formidlinga av samisk matkultur. Spørsmål som gjeld tradisjonell samisk levemåte i lys av vår moderne tid, peikar også på dilemma i samisk kulturformidling, som mangel på kunnskap og frykt for å krenke den samiske kulturen.

Vi har forståing for at pedagogiske leiarar med ansvar for å formidle samisk kultur, har behov for kunnskap og kompetanse for å møte dei formelle krava i rammeplanen. Som resultat av denne studien ønsker vi å sette søkelys på behovet for meir fagleg støtte til dei pedagogiske leiarane og meir forsking på feltet.

 

Litteratur

Heim, G. (2023). Samisk matkultur. I G. Figenschou, S.S. Karlsen & H.C. Pedersen (Red). Ávdnet: Samiske tema i skole og utdanning (s.170-182). Universitetsforlaget.

Kunnskapsdepartementet. (2017). Rammeplan for barnehagen. UDIR. 

Molander, A. & Terum, L. I. (2008). Profesjonsstudier – en introduksjon. I A. Molander & L.I. Terum (Red.), Profesjonsstudier (s. 13–28). Universitetsforlaget.

Regjeringa (2020). ILO- konvensjonen om urfolks rettigheter. 

Ryslett & Håberg (2025). Samisk matkultur i norsk barnehage. «Vi bakte sånne gahkko-brød eller kva det heiter, også laga vi den der Bidos». 

I G. Grande, L. Husjord & K. Ryslett (Red), Matkulturer i Norge - samisk, kvensk, jødisk, romsk og romani i utdanningen. (ikkje publisert ennå)

Powered by Labrador CMS