Elin Nygård.

Barnehagen laga eit stillerom til barna

Alle kunne få tenne eit lys for nokon dei var glad i, eller sakna, og setje lyset på eit bord.

Publisert

Barnehagen sin påskemarkering for 10-12 år sidan baud på ymse både for eit femtitals ungar og dei vaksne, fortel Elin Nygård: – Vi viste påskeevangeliet med musikk, lyssetting og kostymer for dei større barna i ei samling. Barna blei veldig gripne! 

Nygård er pedagogisk leder for Issa Bissa Olderdalen FUS kulturbarnehage på Stord.

Kjenslene blei likevel noko kaotiske då ei tilsett kom forbi tett innpå huset, kledd ut som … 

– Påskeharen! Den ga dei påskeegg gjennom vindauget. 

Det auka forvirringa. Mange barn ville opp i eit fang for å snakke om sorg, sakn og å vere glad i. «Kvifor skal Jesus stå opp og ikkje bestefar?» 

Stillerom 

– Vi rakk ikkje over den gode samtalen med alle, fortel Elin.

Då kom tanken hos dei tilsette om å gi barna tid og rom til store kjensler. 

– Ganske snart etter den urolege dagen fekk vi i stand eit stillerom. Der dempa vi belysninga og sette på roleg instrumental musikk. Eg tok i mot ei lita gruppe barn om gangen. Dei fekk velje plass på ein stol eller ein madrass. 

Alle kunne få tenne eit lys for nokon dei var glad i, eller sakna, og setje lyset på eit bord. 

– Vi hadde pynta bordet med duk og blomster. 

Dei kunne velje kor lyset skulle stå. Alle så på lyset dei hadde tent og dei andre lysa. 

Elin begynte med seg sjølv, fortalde om nokon ho er veldig glad i eller som ho sakna. 

Spontant fortalde då ungane om sitt. Om sakn etter fedrar som hadde flytta ut, om slektningar eller kjæledyr som var døde. 

Lettare til sinns 

Nokre hadde veldig masse på hjartet, andre ikkje: «Jammen eg kjenner ingen som er død». 

– Eg pressa ikkje, berre var der. Dei fleste sa likevel noko, om å sakne og å vere glad i. 

Etterpå var stemninga ei heilt anna, ifølgje Elin. 

– Barna var lettare til sinns, og frå dei føresette fekk vi vite at dei hadde fortalt heima kva dei hadde opplevd. 

Årleg formidlar dei tilsette no påskeevangeliet. Dei varierer dramatikken, men øver på å kjenne på dei ulike kjenslene og brukar stillerommet. Påskeharen kjem med egg på eit litt anna tidspunkt. 

– Å øve på å kjenne på store kjensler i trygge omgjevnader er viktig. Stillerommet er ein av fleire gode metodar i dette arbeidet, avsluttar Elin Nygård. 

Powered by Labrador CMS