Gode tips til å gjere friminutta trygge for alle

Skolestart betyr for nokre ei utrygg situasjon i friminutta. Her får du gode tips til korleis alle kan finne sin plass i skulegarden mellom timane.

Publisert

Skolestart gir moglegheiter for nye vennskap, som ofte blir danna i friminutta, men for andre slår alarmberedskapen til når timen er over og det er friminutt. Den danske læraren Tine Brock har laga ei liste over gode råd til skular som kan hjelpe alle elevar i friminutta. 

Ho meiner at det er spesielt viktig ved skolestart å vere merksam på korleis lærarar kan hjelpe elevane med å få gode friminutt.

– Dersom ein ikkje har førebudd elevane på kva som kan skje i friminutta, blir det lett jungellova som rår. Difor har vi mange elevar som er i konstant alarmberedskap når dei går til friminutt, fordi dei må vere merksame på å vere ein del av eit fellesskap, seier Brock til folkeskolen.dk.

Her er Tine Brochs råd:

«Skal vi leike»-plassen

Her kan barn setje seg dersom dei ikkje har nokon å leike med. Dei andre barna lovar å halde auge med om det sit nokon der. Dersom det er vanskeleg å hugse, kan ei leikegruppe eller ein klasse ha ansvaret for å vere merksame ei veke av gongen.

Leikekameratar

Enkelte elevar kan i periodar ha behov for spesiell merksemd for å få gode pausar. Det kan til dømes vere til hjelp at du arrangerer faste leikekameratar for eleven i ein periode. Kanskje skiftar det frå dag til dag, men med di hjelp slepp eleven å bruke energi på å be om lov til å leike med nokon.

Leikegruppe

Mange skular har ei leikegruppe, som er ei gruppe barn utdanna til å setje i gang leiker i friminutta og sjå etter elevar som manglar nokon å leike med.

Vennskapsklasser

Det kan vere til stor hjelp å involvere ein større vennskapsklasse i konfliktførebygging og gjennomføring av leiker i friminutta. Parallelt kan ein eventuelt ha forløp om trivsel, der dei eldre elevane underviser dei yngre med rollespel.

Leikebutikk

Eit skur er fylt opp med ballar, hoppetau, hockeykøller, sjakkspel, hinkesteinar, bordtennisracketer og mykje meir. Kvar elev har sitt eige lånekort, og 3. trinn driv Leikebutikken i friminutta. Elevane leverer lånekortet sitt for å få låne noko i Leikebutikken, og dei får kortet tilbake når dei leverer tinga tilbake. Dersom dei ikkje leverer tilbake, veit ein kven ein skal leite etter for å få tinga tilbake. Det er ein stor suksess.

Friminuttssystem

Dette er eit system i klassen der to elevar tilbyr ein leik, og klassen melder seg på den. Gjerne anonymt ved å leggje namnet sitt i ei bøtte, eller ved å rekke opp handa med lukka auge. Dagen etter bestemmer to nye elevar ein leik.

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS