19 har søkt om sluttpakke ved lærarutdanninga på NTNU

Men behovet for nedbemanning er anslått til å vere rundt 30 årsverk.

Publisert Sist oppdatert

Det melder NRK.

– Dette er ein tøff situasjon for heile instituttet, og eg skjønar at mange er urolege for eigen arbeidssituasjon, seier konstituert leiar ved Institutt for lærarutdanning (ILU), Ruth Grüters.

Dei 19 som har søkt om sluttpakke, er ikkje nok til at økonomien ved NTNU skal bergast.

– Vi har hatt eit håp om å unngå oppseiingar, men det er dessverre sannsynleg at det no blir aktuelt, seier dekan Tine Arntzen Hestbek.

Bakgrunnen for saka er at alle tilsette ved Institutt for lærarutdanning tidlegare i sommar fekk tilbod om sluttpakke. Fristen gjekk ut i går. Men det er ikkje sikkert at alle som søker, vil få innvilga sluttpakke, for eksempel dersom ein sit på kritisk kompetanse for drifta.

Dersom ein får innvilga sluttpakke, seier den tilsette opp stillinga si frivillig, mot at NTNU utbetaler ei månadleg godtgjersle i ein periode på ni til 18 månader.

Det er fleire årsaker til den økonomiske situasjonen ILU står i: Færre studentar, svak finansiering av det femte studieåret for grunnskulelærarutdanninga, og generell nedgang i løyvingar til universitetet.

Så langt er det berre ILU som har gitt sine tilsette tilbod om sluttpakke.

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS