Forsknings- og høyere utdanningsminister, Oddmund Hoel
Forsknings- og høyere utdanningsminister, Oddmund Hoel.

Regjeringa gir 50 millionar kroner til studiesenter

Tilskota skal bidra til at fleire kan studere utanfor dei store byane.

Publisert

– Vi manglar blant anna både lærarar og sjukepleiarar. Derfor held vi fram med å styrke fleksible og desentraliserte utdanningstilbod slik at endå fleire kan ta ei utdanning der dei bur, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i en pressemelding. 

Til saman blar regjeringa opp 50 millionar kroner til 31 studiesenter i Noreg. Deil tilbyr utdanning frå fagskular, høgskular eller universitet tilpassa lokale kompetansebehov. Dei tilbyr både ordinære grunnutdanningar og korte, fleksible etter- og vidareutdanningar.

I år er det tilbod i Nordland og Trøndelag som får mest pengar, og det er fleire samiske tilbod enn før.

– Studiesentera er gode på å rekruttere folk som elles ikkje ville søkt kompetanseheving. For mange er det avgjerande at dei kan kombinere studiane med jobb og familie. Eg vil at alle skal ha same moglegheit for karriereutvikling og livslang læring, same kvar i landet du bur, seier Hoel.

Powered by Labrador CMS