– Eit fagblad for lærarar burde i alle fall kunne greie å halde ein like stor del av stoffet på nynorsk som i NRK, som kjent 25 prosent, skriv innsendarane.
Ill.foto: Inger Stenvoll
Bruk av nynorsk i fagbladet Utdanning – og om nynorsk som sidemål
Debatt: – Det burde vel ikkje vere ei altfor stor utfordring å kunne skrive enkle oppslag og notisar på nynorsk i Utdanning.
Vi vil fyrst takke for eit interessant
fagblad. Det bør likevel nemnast at det er ein låg prosentdel med nynorsk i
bladet. Eit fagblad for lærarar burde i alle fall kunne greie å halde ein like
stor del av stoffet på nynorsk som i NRK, som kjent 25 prosent.
I mange år hadde Utdanning
leiarartiklane både på bokmål og nynorsk. Dette var eit viktig signal om at
norsk skriftmål er både nynorsk og bokmål, slik Språkrådet, statens
faglege organ i språkspørsmål, ofte minner om.
Språklova
I den nye språklova blir det òg
understreka at nynorsk som minoritetsmål er under press og treng både vern og
stimulering. Då verkar det underleg dersom ikkje ein gong eit organ for
lærarane viser vilje til å gjere dette synleg med bruk av nynorsk.
Nynorsk (landsmål) har som kjent vore
jamstilt med bokmål (riksmål) sidan 1885. I norsk skule har det vore viktig å
ha opplæring både på nynorsk og bokmål fram til eksamen i den vidaregåande
skulen. Ein god grunn for å ha sidemålsopplæring har mellom anna vore at alle i
landet vårt skal vere i stand til å bruke både bokmål og nynorsk i offentlege
stillingar.
Då lærarutdanninga kom inn i gode former i
Noreg, var det stor rekruttering frå unge som var med å skape godvilje for
nynorsk. Nynorsk var som kjent òg ein viktig del av nasjonsbygginga då landet
vårt var i ferd med å få fullt sjølvstende.
Sidemålsundervisninga er i desse dagar under
press. Då er det viktig at Utdanning skriv om dette og kjem med gode
argument som fortel om den historiske og kulturelle bakgrunnen.
Mangelfull nynorskopplæring
Like eins er det viktig at Utdanning
og Utdanningsforbundet tek opp problemet med mangelfull nynorskopplæring
i lærarutdanninga. Vi ser at bladet konstaterer at det er slik, men her trengst
det artiklar og spørsmål til ansvarlege styresmakter kvifor ein slik praksis
kan halde fram. Det bør vere innlysande at dette fører til ei sviktande undervisning
i nynorsk, noko som utan tvil er med på å minske god læring for elevane – og godvilje
og prestisje både mellom foreldre/føresette og elevar, ja, vidare òg.
Det burde vel ikkje vere ei altfor stor
utfordring å kunne skrive enkle oppslag og notisar på nynorsk i Utdanning.
Og kvifor ikkje la Quiz-en ha nynorsktekst annankvar gong? Dersom redaksjonen i
Utdanning ikkje kjenner seg trygg på å skrive nynorsk, bør det vere
mogleg å få hjelp og rettleiing slik at bladet kan få til ein betre praksis. Lykke
til med arbeidet!
Med helsing frå styret i Nissedal mållag
Margit Johansen, Harald Valle, Sigvald Oppebøen Hansen, Norunn Gaastjønn Tveit, Thor Oddvar Rekvik, John Olav Vaa, Irene Homme og Tor Valle (varamedlem)