Vil la danske lærarar få høve til «fysisk rettleiing»

Den danske undervisningsministeren ser behovet for å la lærarar kunne bruke såkalla fysisk rettleiing, altså at dei skal få lov til å ta tak i ein elev dersom det er nødvendig.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv folkeskolen.dk.

Mange danske lærarar unngår fysisk kontakt for å skape ro i klassen i frykt for å bli skulda for maktbruk. Ei undersøking blant medlemmane i Danmarks Lærerforening viser at nesten kvar tredje lærar ikkje tør leggje ei hand på skuldra til ein elev for å få merksemd eller stoppe ein konflikt.

Her i Noreg tredde ny opplæringslov i kraft 1. august. Den inneheld heilt nye reglar om skadeførebygging og opnar for at tilsette i skulen skal kunne gripe inn fysisk overfor elevar for å hindre skade på personar og eigedom.

I Danmark vurderer no utdanningsminister Mattias Tesfaye om lærarar i grunnskulen skal få lov til å bruke såkalla fysisk rettleiing, folkeskolen.dk.

Dei noverande reglane dekkjer ikkje alle situasjonar der lærarar kan ha behov for å gripe inn fysisk, for eksempel ved utagerande åtferd. Dette kan sette lærarar i ein vanskeleg situasjon, der dei risikerer å miste jobben. Danmarks Lærerforening (DLF) bad derfor professor emeritus Jørn Vestergaard om forslag til å styrke lærarane si rettstryggleik. Han føreslo å innføre "fysisk rettleiing", basert på voksenansvarslova, som foreininga no ønskjer å få innført i grunnskulen.

Utdanningsdepartementet vurderer å revidere reglane for maktbruk i skulen. Forslaga frå DLF og professor Jørn Vestergaard er under vurdering, men innføring av reglar om fysisk rettleiing kan ta tid, då det krev ei lovendring, ifølgje juridisk sjef i lærarforeininga, Camilla Bengtson.

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS