Ingrid Vadder, hovudtillitsvald i Tokke kommune i Telemark for Utdanningsforbundet.

Har laga plan for å motverke at nyutdanna lærarar forsvinn etter «praksissjokk»

– Nyutdanna lærarar blir litt overlatne til seg sjølve, seier Ingrid Vadder. Ho er lærar ved Tokke skule i Telemark og hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet i kommunen.

Publisert

Rekordfå søkjarar til lærarutdanning dei siste åra, og mange lærarar utan godkjend lærarutdanning, gjer at Tokke kommune no tek nye grep. 

– Å vere lærar er ein fantastisk jobb, men det er også veldig intensivt. Mange av dei nyutdanna lærarane får eit «praksissjokk» når dei kjem ut i jobb, seier lærar og hovudtillitsvald i Utdanningsforbundet, Ingrid Vadder, til avisa Vest–Telemark Blad.

Søkjartal frå april 2024 viser at det har gått frå vondt til verre med rekruttering dei siste åra. Nedgongen frå toppåret 2019 er på heile 42 prosent. (Sjå faktaboks).

Vadder tok derfor initiativ til planen som skal gje nyutdanna lærarar ein god start i jobben. Planen rettar seg både mot barnehagelærarar og lærarar i skulen, og den kom til etter eit samarbeid mellom barnehagestyrar, rektor, KS og hovudtillitsvald.

– Det at vi har med oss KS, kommunen som skuleeigar og skuleleiinga, er kjempeviktig, seier Vadder til Utdanningsnytt.

Kommunalsjef Tone Lunde Skaalen synest det å lage ein slik plan var ein god idé, skriv avisa.

Ein meir forpliktande fadderordning

I starten skal den nyutdanna ha eit møte med leiinga og få litt generell informasjon om kommunen og skulen eller barnehagen. Deretter får den nyutdanna ein fadder eller mentor.

– Mange skular har nok både fadderordning og planar. Likevel seier mange nyutdanna  at dei ikkje får god nok oppfølgjing i sin fyrste jobb. Det er tragisk at vi mister unge folk med fem års høgare utdanning og eit oppriktig ønske om å jobbe med barn, fordi dei blir utbrent, sier Vadder til Utdanningsnytt. 

Det er også eit problem at dei fleste fadrane er barnehagelærarar. Lærarutdanna fadrar manglar.

– I skulen trengst det fadrar som jobbar nært den nyutdanna, for eksempel at begge jobbar på småskulen. Fadderen må ha ei imøtekomande haldning. Vi ønskjer òg ein tolærerordning frå start. Noko av det som er mest krevjande, er foreldrekontakt og det å lage individuelle opplæringsplanar (IOP). Foreldre i dag følgjer barna tettare opp og er meir krevjande på godt og vondt, seier Vadder.

Søkjartala har stupt

På nettsida til Samordna opptak ligg det søkjartal tilbake til 2014. Toppnoteringa er frå 2019, då 14.122 søkjarar hadde  lærarutdanning som sitt førsteval.

Sida den gong har det vore færre søkjarar kvart år, og frå 2022 til 2023 stupte søkjartala med heile 22 prosent, frå 11.005 til 8600.

Frå toppnoteringen i 2019 har søkjartala stupt med 42 prosent til 2024.

Oppgåvene til fadrane er å vere tilgjengelege for spørsmål i kvardagen, dele relevant materiell, rettleie på ein konstruktiv måte dersom dei ser uheldig framferd og vise god tilbakemeldingskultur. Fadrane kan også vere med som støttespelarar under møte eller observere undervisning om det trengs.

Krevjande for små skular

Vadder fortel at kommunen har utfordringar med å få tak i lærarar med den fagkombinasjonen som trengst. Masterutdanna lærarar er bra, seier ho, men det at nye lærarar kun har fordjupning i to fag, gjer ein ekstra utfordring for små skular. Det har og vore eit problem å få tak i nye skuleleiarar. 

– Dei siste åra har vi hatt mange konstituerte lærarar i leiarstillingar. Derfor meiner vi at ein skriftleg plan, som alle kjenner til, vil gjere det enklere å ta vare på dei nyutdanna, sier  ho.

Eit anna grep som ligg i planen, er å unngå at nyutdanna er kontaktlærar det fyrste året, eller dei to fyrste åra, dersom det er mogleg. Nytilsette skal også få grundig omvising på arbeidsstaden, leiinga skal ha systematiske oppfølgingssamtaler med dei nytilsette.

– Tida strekk ikkje til

Vest–Telemark Blad har og snakka med Siri Vindal frå Dalen. Ho var ferdigutdanna i 2022 og har arbeidd to år som lærar. Vindal fortel om ein krevjande start.

– Det er ikkje nok tid til alt du skal gjere. Jobben tek heilt over livet ditt. Eg har alltid vore aktiv og trena mykje, men det har eg ikkje klart nå.

Skuledagen strekk ikkje til for å få gjort alt arbeidet der. Då må kveldar, helger og feriar brukast. Dei skal lage undervisningsopplegg, ha utviklingssamtaler, følgje opp heimane. Mellom anna. Til slutt blir det lite tid til anna enn jobb igjen. Vindal trur mange nyutdanna lærarar kjenner seg att i uttrykket «praksissjokk».

Vindal seier ho ville hatt meir praksis og over ein lengre periode. Tiltaka som Tokke kommune nå skal innføre, trur ho difor har mykje for seg: – Eg tenker me absolutt kunne gjort noko med utdanninga. Me får hundre dagar praksis i løpet av studiane.

Mange skular har alt ei fadderordning. Men Vindal seier det er viktig at det blir sett av fast tid i timeplanen der den nyutdanna og fadderen set seg ned saman. Tema kan vere planlegging, evaluere, førebu, og dette burde gjennomførast dei to fyrste åra ute i jobb, meiner ho.

Å sleppe rolla som kontaktlærar det fyrste og andre året, meiner ho kan lette presset.

– Jobben som kontaktlærar fører med seg ein del ekstra kveldsarbeid og kontakt med heimane, seier ho og legg til: – Lærarverdiane mine er at alle skal bli sett, me skal ha gode samtaler, og læraren skal gje av seg sjølv. Det skal ikkje berre vere fag alltid, det er veldig viktig for meg å lære ungane å vere eit godt menneske. Det er ikkje alltid like lett. Iblant føler du at du gjev alt, men får lite tilbake, fortel Vindal.

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS