folkehøgskole
Nordfjord folkehøgskole

Fleire ungdommar søkjer seg til folkehøgskulane

Talet på søkjarar til folkehøgskulane har auka med 40 prosent frå i fjor til i år.

Publisert Sist oppdatert

Frå 15. oktober til no har 1553 personar søkt folkehøgskule, som er ein auke på 40 prosent frå i fjor.

Dorte Birch er dagleg leiar i Informasjonskontoret for folkehøgskulen. Ho trur fleire har fått auga opp for folkehøgskulane.

– Folkehøgskule er eit populært tilbod. Vi meiner alle har godt av eit slikt år. Det er fagleg utvikling, opplevingar, nettverk og læringsglede, uttaler ho i ei pressemelding. 

Alle som søkjer før 15. november er med i fyrste opptaket, deretter er det rullerande opptak fram til skulestart.

– Å starte opptaket tidlegare gir unge moglegheit til å få raskare svar på søknadene sine. Det gir dei meir føreseielegheit det siste året på vidaregåande, seier Birch.

Ho trur folkehøgskule kan gjere ungdommar sikrare på valet av høgare utdanning.

– I tillegg blir ein også meir motivert for læring, seier Birch.

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS