Ser vi på språkmodellane med ølbriller?

Debatt: For meg kan KI godt ha same aldersgrense som bilkøyring. Då unngår vi kanskje ein kjedekollisjon som får heile trafikken til å stoppe opp.

Publisert

For mange år sidan spurte eg ein elev om svaret på eit reknestykke. Han svarte galant: «Det burde jo du vite, som er lærar». 

Vi fekk oss ein god latter, og eg trur faktisk han kunne svaret òg. Dette klasseromsminnet har eg mange gonger kome tilbake til når eg har reflektert over desse språkmodellane og korleis dei kan påverke læringa i klasserommet. Vi er jo ikkje på jakt etter svara, utan at denne jakta skal vere dannande og utviklande for «jegeren» sjølv. 

Ein bedrift kan bruke arbeidstakarane til å lage produkt som si botnline, men i skulen brukar vi faktisk produkta med eleven si læring og danning som botnline. Det gjer at vi må vere kritisk til at som byr seg fram som snarvegar til flott produkt og spørje oss sjølv: er det eleven eller produktet vi har fokus på no?

Språkmodellane er fyrst og fremst glimrande produkt for den som allereie har ein god lese- og skrivekompetanse, god allmennkunnskap og ein viss kritisk sans. Har vi det, kan vi heilt klart rasjonalisere vekk ein del kjedelege oppgåver som ikkje ville ha verdi for vår eigen språklege og faglege kompetanseutvikling. Når eg les at KI kan krympe dei frekvensane som legevitskapen har for å arbeide fram nye antibiotika, eller at KI kan analysere kreftundersøkingar med mindre feilmargin enn menneske, er det ikkje tvil om at KI har livets rett. Eg er ikkje mot KI som utviklande faktor for samfunnet, men eg er mot KI der bruken vil tilsløre og bremse utvikling på individnivå.

Skjermmakta

KI har dermed ikkje livets rett der det grip rett inn i fag- og språkutviklinga til barn og unge som framleis har langt å gå når det gjeld språkkunne og allmennkunnskap. Her vil det vere ei stor bjørneteneste å gje dei eit reiskap som gjev dei høve til å hoppe bukk over grunnleggande dugleikar, og produsere skriftlege produkt som er langt sterkare enn den faktiske kompetansen. Eg er tilbakehalden med å bruke ordet krise, men det er urovekkande at barn og unge har svakare lesekunne enn før og slit med å lese lengre tekstar utan å la seg distrahere.

Heilt anekdotisk gjeld dette meg sjølv òg, det er pinleg kor lang tid eg har brukt på å nylese Hedda Gabler ved leggetider, det er ikkje tvil om at skjermkulturen har utfordra eigen lesekondis. Når eg har brukt ChatGpt som ein «sparringpartner» og «ghost writer», har eg med få spørsmål fått den til å produsere både skjønnlitterære og saktekstar på eit langt høgare nivå enn dei fleste av dei elevtekstane eg har lese opp gjennom åra. For ei freisting for rastlause sjeler!

KI har teke skjermmakta til eit heilt nytt nivå, og er allereie ei for stor freisting til at elevane kan halde fingrane vekke sjølv når dei får beskjed om det. Vi kan snakke oss grøne i fjeset om at det er di utvikling det gjeld, og at om du brukar KI, vil det heller forkludre enn å hjelpe utviklinga di, og det vil øydelegge heile den tilliten som vi treng for å ha ein meiningsfull og læringsstøttande dialog i vurderingsarbeidet. 

Vi kan heller ikkje velje vekk alt som KI kan gjere for å trygge vurderingsprosessane. Då sit vi att med reint personlege synseoppgåver der eleven får svirre ukontrollert rundt i komfortsona og dyrke seg sjølv og sine meninger.

Aldersgrense

Vi treng å kunne regulere bruken stramt, og forslaget om å gje alle KI-produkt eit slags digitalt vassmerke er supert, i dei fem sekunda det tek ein nerd på åtte år å omgå denne merkinga. Vi treng faktisk ei «Big Brother»-teneste som overvaker skriveprosessen til elevane og ser kva dei eigentleg held på med når dei skriv. Eg er sikker på at dette er mogleg å få til, men då må databransjen og politikarane få av seg dei ølbrillene dei til no har beundra desse språkmodellane med, og sjå at ei uregulert utvikling og bruk berre er øydeleggjande.

Det er uansett kva som skjer ikkje tvil om at det munnlege vil få ei styrka rolle, der ein må vise at ein står inne for og skjøner det ein har skrive. Det vil vere tidkrevjande, so kanskje er det på tide å sjå på leseplikta i dei ulike faga, og tenke nytt på korleis vi strukturerer undervisinga. KI er kome for å bli, men det er same er kreft, bilulykker og heroin. Om vi ikkje gjer eit krafttak for å regulere bruken, vil KI på sett og vis vere ein spikar i kista på den gode utviklinga vi har sett både innanfor datahandsaming og skriveopplæring sidan vi vraka dei fyrste floppydiskane på åttitalet.

For meg kan KI godt ha same aldersgrense som bilkøyring. Då unngår vi kanskje ein kjedekollisjon som får heile trafikken til å stoppe opp.

Powered by Labrador CMS