Kutt og nedlegging i vidaregåande på sakskartet i Vestland
Onsdag blir høyringsforslaget om endringar i tilbodet om vidaregåande skole i Vestland vedteke.
Hovudutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune har fått eit forslag til eit høyringsforslag som dei skal røyste over onsdag. Her er nedleggingar og store kutt foreslått.
– Det har fått fleire til å kjenne det som om beina er slått bort under dei, seier Sabine Exner, kontaktperson for vidaregåande opplæring i Utdanningsforbundet Vestland.
Nedlegging
I framlegget er Fitjar vidaregåande skule lagt ned når ny skule på Stord står ferdig. Høyanger er foreslått lag ned eller lagt under Førde. Ved fleire skolar er framlegget å redusere elevtalet kraftig. Elevtalet i Måløy er foreslått kutta frå 387 til 285, ved Arna skule frå 332 til 225.Også andre skular må vere førebudde på kutt
– Det vi reagerer på i dette første framlegget er at det ikkje er i tråd med mandatet, seier Sabine Exner. Der heiter det mellom anna at tiltaket ikkje skal vere eit sparetiltak, og at tilbodet framleis skal vere desentralisert.
– Men framlegga vil gjere tilbodet meir sentralisert. Og her er klare sparetiltak, seier Exner.
Sparing og sentralisering
Ho peiker mellom anna på at det i dette første framlegget blir foreslått å kutte å ha halve klassar i ulike fag.
– Dessutan er det særleg i dei relativt sett dyre faga, som kunstfaga og i og media og kommunikasjon det blir foreslått kutt. Det ser vi på som sparing, seier Exner.
Når hovudutvalet har vedtatt kva dei vil sende på høyring skal framlegget innom fylkesutvalet 4.april før det blir sendt ut. Høyringa varer i 6 veker, til rundt 17. mai.
Hovudutvalet skal ha saka opp etter sommaren, truleg 28. august, og innstiller til fylkesutvalet.
Planen er at fylkestinget tek endeleg stilling i møtet 1. og 2. oktober.
I dag er elevtalet i vidaregåande skule i Vestland 8100. I 2033 er det venta at talet er 7100.