En palestinsk kvinne inspiserer skolemateriell i det ødelagte klasserommet etter at israelske styrker rammet en skole tilhørende FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktninger (UNRWA) i Nuseirat-leiren, i Deir Al Balah, Gaza, den 17. mai 2024.

Har samla inn 1,5 millionar til lærarar i Palestina

21 lærarorganisasjonar verda rundt har gitt til saman 1.504.101 norske kroner i ein aksjon for til hjelp for lærarar i Palestina. 

Publisert

Dei 21 organisasjonane er medlem i den internasjonale lærarorganisasjonen Education International (EI). Pengane er gitt som svar på ein kriseappell om pengegåver frå organisasjonen.

Utdanningsforbundet er med i EI, men har ikkje gitt pengar til denne aksjonen.

Grunnen er at da kriseappellen kom i oktober, hadde UDF alt løyvd 100 000 norske kroner til Solidaritetsfondet til Education International. Desse pengane ga UDF i tillegg til dei 100 000 som har vore den årlege overføringa til dette krisefondet frå UDF. UDF har ikkje øyremerkt løyvingane til fondet.

Solidaritetsfondet

I 2023 fekk Solidaritetsfondet inn i alt 6.450.000 norske kroner. Pengane gjekk til å støtte medlemsorganisasjonar i Palestina, Mosambik, Libanon, Myanmar, Afghanistan, Ukraina, Tyrkia, Syria og Marokko.

Pengane til Palestina blir administrert av den palestinske lærarorganisasjonen General Union of Palestinian Teachers, GUPT, og FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar, UNRWA.

Det er seniorrådgivar i UDF Rune Fimreite som har henta fram desse tala. Han har kontakt med den palestinske lærarorganisasjonen General Union of Palestinian Teachers, Gupt.

 Helvete

– Ifølgje våre palestinske kollegaer er situasjonen på Gaza berre heilt, heilt ubeskriveleg – eit helvete på jord. Her har det ikkje vore undervisning sidan 7.oktober, seier han.

 På Vestbreidden prøver dei å halde oppe eit system med digital undervisning to dagar i veka og «ansikt til ansikt» undervisning tre dagar i veka.

– Dette siste er vanskeleg, seier Fimreite.

Kontrollpostar og vald

På Vestbreidda har Israel nå over 600 «checkpoints» , kontrollpostar som palestinarane må gjennom når dei skal bevege seg frå ein stad til ein annan.

I tillegg er vald og åtak frå dei israelske settlarane blitt så utbreidd at verken vaksne eller born kan røre seg fritt lenger, seier Rune Fimreite.

Utan lønn

Palestinske lærarar har vore utan lønn sidan 7.oktober. Etter terroråtaket 7.oktober, som vart utført av den islamistiske Hamas-rørsla, har Israel halde tilbake store delar av skatte- og tollinntektene som landet samlar inn på vegne av dei palestinske styresmaktene.

Det har sett dei palestinske styresmaktene i ein svært vanskeleg situasjon, og dei offentleg tilsette har ikkje fått lønn. Education International har difor brukt pengar for å kompensere for lønetapet til lærarar. Dei har og finansiert kurs for lærarar om korleis dei kan arbeide med psykososial støtte for elevar og kollegaer.

Ny kriseappell

Haldis Holst er assisterande generalsekretær i Education International. Ho kallar den økonomiske responsen frå medlemsorganisasjonane på krigen i Gaza for god og viktig. Nå er EI i ferd med å starte ein ny kriseappell for å få meir pengar til. Dette har fått positiv respons, seier ho til Utdanningsnytt.

UDF har ennå ikkje tatt stilling til denne oppfordringa, ifølgje Rune Fimreite.

© Utdanningsnytt

Powered by Labrador CMS