Illustrasjonsfoto: Ole Martin Wold
Den økonomiske krisa i kommunane syner kor viktig lærarnorma er
Debatt: Lærarnorma sikrar eit minimum av ressursar i klasseromma.
«Om det ikkje kjem meir pengar, må
regjeringa gje oss meir fridom», sa KS-leiar Gunn Marit Helgesen både på Politisk
kvarter i NRK og på TV2-nyheitene i september. Den økonomiske krisa i
kommunenoreg har fått KS til å gjenta sitt gamle kamprop om å få fjerna normer
og kompetansekrav I Og i Kommunal-Rapport har debatten gått.
KS meiner at å be om fridom er å ta ansvar
og kommunedirektøren i Størdal kommune bryter minstenorm for lærartettleik
med opne auge og vil ha ein debatt om krava.
Det er ikkje tvil om at den økonomiske
situasjonen aukar presset på bemanningsnormer i norske kommunar.
Utdanningsforbundet ser at det er nett i desse pressa situasjonane at normene
er ekstra viktig.
I dag sikrar
lærarnorma eit minimum av ressursar i klasseromma, og kompetansekrava sikrar
kvalifiserte lærarar. Begge er minimumskrav som skal garantere gode rammer
rundt undervisning med ein lærarutdanna lærar.
Desse normene og krava er
innført for at ein skal kunne gje eit mest mogleg likeverdig og godt tilbod til
alle barn og unge uavhengig av kommunen sine økonomiske musklar. Dei garanterer
altså i dag eit minimum av kvalitet i utdanninga.
Då vert det viktig å ikkje gå med på KS si
forteljing om at normene er rigide og gjev lite handlingsrom.
Det finst alt stor fridom i dagens
minstenorm for lærartettleik. Ho gjev rektorane stort handlingsrom til å flytte
lærarar mellom trinn og klasser ved behov som har vore KS sitt ankepunkt.
Lat oss ta det litt teknisk for almen
folkeopplysing: Lærarnorma er delt inn i eit krav for 1.-4. trinn og eit anna
krav for 5.-10. trinn. Desse to krava skal bli innfridd i form av eit
gjennomsnitt. Det ligg altså ikkje noko hinder i norma til å t.d. prioritere høg
lærartettleik på 1. trinn eller klasser eller trinn som har særskilte
utfordringar.
Med den norma me har no, har me gått frå
eit ganske rigid system med klassedelingstal, til ein periode utan reglar, til
no å ha ein regel om lærartettleik på hovudtrinn. Over tid har altså kommunane
fått større fleksibilitet enn tidlegare.
Å sleppe opp på desse krava, opnar det for
overfylte klasserom og tilsette i lærarjobben, som i verste fall, kjem rett frå
russebussen. Alt no har Statsforvaltaren måtta slått ned på kommunar som tøyer
lærarnorma gjennom å presse fleire elevar inn i klasseromma, og SSB har synt at
nesten 1 av 5 lærarar alt står i klasserommet utan lærarutdanning.
Lærarnorm og kompetansekrav er avgjerande
for kvaliteten på det tilbodet elvane får. Men det er og normer og krav som
sikrar at dei pengane regjeringa løyver til opplæring, går til opplæring. Som
situasjonen ute i Kommune-Noreg no syner: Det er i økonomiske nedgangstider det
verkeleg er viktig med desse normene og krava.
Det er no det er viktig å hegne om
lærarnorm og kompetansekrav. Lærarnorma vart innført i 2018, ho har soleis
ikkje skulda for den økonomiske situasjonen i kommunane i 2024. Ikkje la
kommunar og fylkeskommunar spare gjennom å gjere opplæringstilbodet dårlegare,
det er det ingen som tener på i det lange løp.