Ved Vadmyra skole har de bygget opp en stor skolehage.

Venstre-representant vil gjere skulehage til nasjonal satsing

– Skulehagar er eit «kinderegg» som bør rullast ut på norske skular i langt større grad enn i dag. Ein kombinasjon av praktisk skule, beredskap og folkehelse, seier Alfred Bjørlo (V).

Publisert Sist oppdatert

Sist veke var det debatt i Stortinget om stortingsmelding 34, «Ein meir praktisk skule». Venstres stortingsrepresentant Alfred Bjørlo sa frå talarstolen i Stortinget at han brenn ekstra for å gjere skulehagar til ein praktisk læringsarena for elevar.

– Denne gongen vil eg berømme regjeringa for å løfta fram skulehage i stortingsmeldinga. Ikkje som sak nummer ein, men som ei sak i den store kabalen, sa Bjørlo under debatten.

Han meiner det å satse på skulehagar bør bli nasjonal politikk.

Alfred Bjørlo

– Det handlar ikkje berre om å gjere skuledagen meir praktisk for elevar, men og om samfunnsberedskap. Alle bør lære seg å dyrke sin eigen mat, både på små og store plassar landet rundt. Med skulehagar legg ein og til rette for eit sunnare kosthald, noko delar av regjeringa og vi i Venstre er positive til, seier Bjørlo til Utdanningsnytt.

Tok opp skulehage med Brenna

Venstre-representanten, som er medlem i Næringskomiteen, fremma allereie i 2022 ein interpellasjon der tidlegare kunnskapsminister Tonje Brenna fekk spørsmål om korleis man kan satse på skulehage. Bjørlo fekk positiv respons frå Brenna, noko han er nøgd med.

– Fremskrittspartiet og Rødt trakk fram skulehagar i innstillinga. Kvifor blei ikkje Venstre med på det forslaget?

– Frp og Rødt fremma ikkje eit forslag. Dei hadde berre med ein merknad om skulehagar. Vi meinte at den var veldig vag og ikkje tilførte saka noko nytt utover det regjeringa sjølv seier i meldinga.

– Kvifor brenn du for skulehagar?

– Eg meiner skulehagar er eit «Kinderegg» som bør rullast ut på norske skular i langt større grad enn i dag. Skulehage gjer det lett og kjekt å ha ein meir praktisk skulekvardag. Samstundes blir det stadig meir viktig for nasjonal beredskap og sjølvforsyning at fleire lærer å dyrke eigen mat og får eit forhold til det. I tillegg er det bra for folkehelsa at vi dyrkar og et meir frukt og grønt. Kort sagt det beste av fleire verdenar, svarar Bjørlo.

Skulehage er god integrering

– I debatten i Stortinget trakk du fram fleire andre døme på skular som har satsa på skulehage, blant anna Vadmyra skule i Bergen og Nordfjordeid skule. Kvifor det?

– Det eg sikta spesielt til i debatten er at eg ville visa at det finst fleire gode eksempel enn Vadmyra skule i Bergen. På Nordfjordeid skule, på min heimstad Nordfjordeid, har lærarar og elevar, gjennom dei siste tre-fire åra, bygd opp ei heilt fantastisk flott skulehagesatsing som «ballar på seg» år for år, no også med eigne drivhus inne på skulen sitt område, fortel Bjørlo.

Nordfjordeid skule er ein mellomstor sentrumsskule med elevar frå mange land. Skulen har drygt 300 elevar og 25-30 nasjonalitetar.

– Dei brukar skulehage som ein viktig integreringsarena for både elevar og foreldre frå andre land. Mange foreldre slit med å «henge med» i kva som skjer i den teoritunge norske skulen. Men dei har til gjengjeld ofte meir kompetanse enn norske foreldre på det å dyrke mat og bruke jorda. Nordfjordeid skule har på ein førebiletleg måte klart å jobbe systematisk med dette, og har også engasjerte lærarar som har tatt tilleggsutdanning i skulehage på Norges biovitenskaplige universitet. Lærarane har delteke på deira kursopplegg på Bygdøy Kongsgård i Oslo.

Må halde trykket oppe for å finansiere

For å finansiere satsinga, viste Bjørlo til rentekompensasjonsordninga der kommunane kan søke pengar til å etablere læringsarenaer som legg til rette for meir praktisk læring.

– Venstre kjem til å kome tilbake til temaet skulehagar i den pågåande stortingsbehandlinga av Kunnskapsdepartementet sitt budsjett for 2025. Det er viktig no å halde oppe trykket på å få til gode lokale prosjekt og gjerne spleiselag mellom kommunar, stat og lokale aktørar, som til dømes sparebankar og hagelag, for å få fart i arbeidet, slik at det ikkje berre endar opp med fine ord i ei stortingsmelding, seier han.

Han har tru på at dette verkeleg vil bli ei nasjonal satsing.

– For meg er dette ei gladsak fordi den legg til rette for at skulehage er noko vi skal leggje til rette for strukturelt, seier Bjørlo.

 

 

Powered by Labrador CMS